Spiterstulen

Koordinatar: 61°37′29″N 8°24′14″E

Spiterstulen er ei turisthytte i Jotunheimen på 1100 moh. ved skoggrensa i Visdalen. Spiterstulen var opphavleg ei setergrend til slektsgarden Sulheim som vart utvida for gjester første gong i 1836. Gjennom seks generasjonar har staden vorte utbygd og modernisert, men det gamle preget er bevart - med fleire små og store hus i eitt tun. Sesongen på Spiterstulen varer frå ca 1. mars til ca 1. mai og frå ca 20. mai til ca 15. oktober.

Frå Spiterstulen i 1880-åra.
Foto: Axel Lindahl / Norsk Folkemuseum.
Spiterstulen

Hytta ligg like aust for Galdhøpiggen og vest for Spiterhøi.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Spiterstulen