Bandopptakar

(Omdirigert frå Spolebandopptakar)

Bandopptakar er eit apparat som lagrar lyd, bilde eller data på eit magnetiserbart band.

Bandspelar frå Nordmende

Verkemåte endre

 
Innsida av ein bandspelar frå Nordmende.

Bandet, som er samansett av ein plastfolie tilsett eit magnetisk materiale, vert ført forbi eit innspelingshovud. Ein vekselstraum som varierer i takt med signalet, framkallar der eit kraftig og varierande magnetfelt slik at bandet får ei magnetisering som varierer i takt med inngangssignalet. Når bandet seinare vert ført fordi eit avspelingshovud, vil det i dette hovudet skje ein induksjon som gjev ei vekselspenning som svarar til den som magnetiserte bandet tidlegare.

Det innspelte signalet vert viska ut ved at ein på nytt lèt bandet passere eit kraftig magnetfelt som vert danna ved hjelp av eit slettehovud. Andre kraftige magnetfelt kan derimot også skade innhaldet på eit magnetband.

Typar endre

Den vanlegaste typen lydbandopptakarar er framleis den analoge kassettspelaren, men han har fått sterke konkurrentar i form av digitale bandopptakarar, av desse DAT og DCC, som gjev ein vesentleg betre lydkvalitet. Dessutan vert bandopptakarar i stadig større omfang erstatta av andre lagringsmedia for digitale signal, kompaktplater (CD) med optisk lagring og magnetiske plater, harddiskar, minidiskar og liknande for magnetisk lagring.

Videobandopptakarar har fått ei stor utbreiing dei seinare åra. Desse verkar i prinsippet på same vis som lydbandopptakarane, men dei må lagra mykje større mengder informasjon og krev derfor meir avanserte tekniske detaljar.

Det finst også spesielle bandopptakarar for lagring av data, som bandlager. For digital lagring av video vert det brukt stadig meir optiske media (DVD) og magnetplater, som i harddiskar.

Sjå òg endre

Kjelde endre