Lydredigeringsprogram

Eit lydredigeringsprogram er eit dataprogram for å redigere/manipulere digital lyd. I slike program kan ein m.a. redusere støy, klippe, kopiere, spleise og mikse lydar saman, i tillegg til at ein ofte kan konvertere lydfiler frå ein filtype til ein annan.

Skjermbilete av ein digital audioarbeidsstasjon (Ardour).

Ein skil gjerne mellom lydeditorar og digitale audioarbeidsstasjonar. Den fyrste gruppa vert gjerne nytta for å ta opp, analysera, redigera og spela av digitalt audiomatriale. I samband med fleirsporsinnspeling vert dei ofte nytta for å redigera einskilde spor, fjerna støy, og liknande. Digitale audioarbeidsstasjonar kan handsama mange spor samstundes og vert nytta for miksing av multimikrofonopptak og/eller syntisert musikk. Dei har eit rikt utval av redigeringsfunksjonar og moglegheit til utvidingar i form av ulike plugin. Dei vert òg nytta for ferdigstilling etter miksing.

Nokre lydredigeringsprogram endre

Program Operativsystem Lisens:
Adobe Audition Windows Kommersiell
Ardour Unix/Linux, OS X Open kjeldekode
Audacity Unix/Linux, OS X, Windows Open kjeldekode (GPL)
Glame Unix/Linux (Gnome), OS X, Windows Open kjeldekode (GPL)
GNUsound Unix/Linux (Gnome) Open kjeldekode (GPL)
GoldWave Windows Kommersielt
Kwave Unix/Linux (KDE) Open kjeldekode (GPL)
mhWaveEdit Unix/Linux Open kjeldekode (GPL)
ReZound Unix/Linux Open kjeldekode (GPL)
Steinberg Cubase OS X, Windows Kommersiell
Sweep Unix/Linux/BSD Open kjeldekode (GPL)
  Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.