Sports Interactive
Sports Interactive er eit britisk dataspelselskap som er basert i London og eigd av Sega. Det har mellom anna utvikla dataspel som den populære Football Manager-serien. Tidlegare utvikla det også Championship Manager-serien. Det er også Sports Interactive som står bak ishockeyspelet NHL Eastside Hockey Manager.
Sports Interactive | |||
Org.form | Dotterselskap | ||
---|---|---|---|
Bransje | Dataspelindustrien | ||
Skipa | 21. juli 1994 | ||
Eigar | Sega[1] | ||
Morselskap | Sega | ||
Hovudkontor | London | ||
Land | Storbritannia | ||
Produkt | programvare | ||
Nettstad | http://www.sigames.com (engelsk) |
Sports Interactive blei grunnlagt av brørne Oliver og Paul Collyer i juli 1994. Studioet vart kjøpt av Sega i 2006, og blei del av Sega Europe.[2]
Kjelder
endre- ↑ https://segaretro.org/Press_release:_2006-04-04:_Sega(R)_Acquires_Premier_U.K._Developer;_SEGA_Purchases_U.K._Development_Giant,_Sports_Interactive_--_Creators_of_the_Hugely_Successful_Football_Manager(TM)_Series.
- ↑ «The Final Boss». MCV (Future Publishing) (942): 70. desember 2018.