Sportsklubben Falken

Sportsklubben Falken er eit idrettslag heimehøyrande i Trondheim. Laget vart stifta i 1925 og organiserte seg i Arbeidernes Idrettsforbund (AIF). Falken deltek aktivt i skeiseløp og sportsdans.

Falken, som var knytt til bydelen Lademoen, dreiv tidlegare også med fotball, friidrett, ishockey, orientering og ski, i tillegg til skeisesport. Fotballaget deltok i 2. divisjon 1966 og 1969, men enda begge gongane sist i avdelinga si. Kringom 1980 svikta rekrutteringa til fotballaget og laget deltok i seriefotballen i lag med Nidelv Idrettslag som Nidelv/Falken. Samarbeidet tok slutt før 1990 og fotballgruppa nedlagd.

Skeiseløparane Henry Wahl, Hjalmar Andersen, Sverre Farstad, Villy Haugen, Jan Egil Storholt og Eskil Ervik er dei mest kjende Falken-medlemene.

Kjelder

endre
  • Store Norske Leksikon.