Sverre Farstad
Sverre Melvin Farstad (8. februar 1920–27. mars 1978) frå Trondheim, var ein norsk skøyteløpar som representerte sportsklubben Falken.
Sverre Farstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. februar 1920 Trondheim |
Død | 27. mars 1978 (58 år) Oslo |
Idrett | lengdeløp på skeiser, sykkelsport, roing, vektløfting, boksing, pistolskyting, bryting |
Tok del i | Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1948 – 1500 meter herrer |
Utmerkingar | Egebergs Ærespris |
Karriere
endreHan vann gull og sette olympisk rekord med 2.17,6 på 1500 meter under OL 1948 i St. Moritz. Han vart europameister under EM på skøyter i Davos, Sveits 1949 og tok sølv under VM på skøyter 1947 på Bislett stadion i Oslo.
Han har dessutan NM-sølv i både vektløfting og roing.
Han vart tildelt Egebergs ærespris i 1947.
Då han døydde, jobba Sverre Farstad som sportsjournalist i Arbeiderbladet i Oslo.
Litteratur
endre- Hyldmo, Endre (1992). Trøndergull : Trøndelags vinter-OL-historie. Melhus: Snøfugl. ISBN 82-7083-196-4.
Bakgrunnsstoff
endre- Farstad.filene.no Nettsted dedikert til Sverre Farstad.
- (en) Sverre Farstad – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
- (en) Sverre Farstad – Profil og resultatoversikt på SpeedSkatingNews.info