Spot the Pigeon
Spot the Pigeon EP av Genesis | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. mai 1977[1] | |
Innspelt | September – oktober 1976 | |
Sjanger | Poprock, progressiv rock | |
Lengd | 13:22 | |
Selskap | Charisma/Virgin (UK) Atlantic (CAN) | |
Produsent | David Hentschel, Genesis | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Genesis-kronologi | ||
Wind & Wuthering (1976)[3] |
Spot the Pigeon | Seconds Out (1977)
|
Spot the Pigeon er ein EP av det britiske progressive rockebandet Genesis som kom ut i 1977. Dei tre songane var på han var songar som ikkje kom med på Wind & Wuthering, fordi bandet følte dei ikkje passa inn på albumet. EP-en nådde 14. plass på singellista i Storbritannia.
Dette var den siste studioutgjevinga til Genesis med gitarist Steve Hackett, før han slutta i bandet i 1977. Han var misnøgd med at bandet ikkje nytta fleire av songane hans på Wind & Wuthering, mellom anna vart «Inside and Out» gjeven ut på denne EP-en og ikkje på albumet.
Spot the Pigeon vart gjeven ut på CD, men har sidan vorte sletta. To av songane, «Pigeons» og «Inside And Out» finst på plateboksen Genesis Archive 2: 1976-1992, medan «Match Of The Day» ikkje vart gjeven ut på ny før 2007, då han kom med i plateboksen Genesis 1976-1982 i USA.
Det vart laga ein video for «Match of the Day» der Phil Collins syng på tribunane til Queens Park Rangers F.C.
Innhald
endreAlle songar av Tony Banks/Phil Collins/Mike Rutherford, utanom der andre er nemnde.
Side ein
endre- «Match of the Day» – 3:24
- «Pigeons» – 3:12
Side to
endre- «Inside and Out» (Banks/Collins/Steve Hackett/Rutherford) – 6:45
Medverkande
endre- Tony Banks – klaverinstrument
- Phil Collins – trommer, perkusjon, vokal
- Steve Hackett – gitar
- Mike Rutherford – gitar, bass
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Spot the Pigeon» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://genesis.wikia.com/wiki/Genesis_Discography
- ↑ Allmusic review
- ↑ [1]. www.genesis-music.com. Henta on 21. august 2008.