Wind & Wuthering
Studioalbum av Genesis
Språk engelsk
Utgjeve 17. desember 1976
Innspelt September og oktober 1976
Studio Relight Studios i Hilvarenbeek i Nederland
Sjanger
Lengd 50:54
Selskap Charisma
Produsent David Hentschel and Genesis
Genesis-kronologi 
A Trick of the Tail
(1976)
Wind & Wuthering Spot the Pigeon
(1977)


Singlar frå Wind & Wuthering
  1. «Your Own Special Way»
    Utgjeve: 1977

Wind & Wuthering er det åttande studioalbumet til det engelske progressiv rock-bandet Genesis. Det kom ut 17. desember 1976 på Charisma Records og er det siste studioalbumet deira med gitaristen Steve Hackett. Etter suksessen med turneen deira i 1976 for å marknadsføre det førre albumet A Trick of the Tail, drog gruppa til Hilvarenbeek i Nederland for å spele inn oppfølgjaren, som var det første dei spelte inn utafor Storbritannia. Låtskrivinga og innspelinga førte til krangling i bandet, for Hackett meinte at somme av bidraga hans vart droppa til fordel for klaverspelaren Tony Banks sine.

Albumet fekk positive meldingar frå kritikarane og bidrog til å gjere bandet meir populært i USA. Det nådde sjuandeplassen i Storbritannia og 26 plassen i USA, og selde etter kvart til gullplate begge stader. Singelen «Your Own Special Way» var den første singelen deira som gjekk inn på singellista i USA, då han nådde 62. plassen. Turneen deira i 1977 vart den siste med Hackett, og den første med Chester Thompson som innleigd trommeslagar. Tre spor kom ikkje med på albumet, men vart gjeven ut på ein EP kalla Spot the Pigeon. Albumet kom ut i ein ny stereo- og 5.1 kringlyd-miks i 2007.

Bakgrunn og produksjon endre

I midten av 1976 hadde Genesis synt at dei hadde klart seg utan den opphavlege frontmannen Peter Gabriel, med trommeslagaren Phil Collins som tok over på solovokal. Dei gav ut det kritikarroste albumet A Trick of the Tail, som selde godt.[1] Då dei byrja arbeidet på eit nytt album hugsa Tony Banks at dei hadde skrive mykje musikk før dei gjekk i studio.[2] Bassisten og rytmegitaristen Mike Rutherford sa det tok kring seks veker å skrive albumet.[3] Han peikte på at bandet ønskte å fjerne seg frå songar som var inspirert av fantasi, slik dei tidlegare albuma deira «var fulle av».[4] Dei ønskte å skrive songar som dei likte, i staden for å prøve skrive for fansen.[5]

Hackett bad om tid til å spele inn eit nytt soloalbum før dei spelte inn Wind & Wuthering, men det fekk han ikkje. Han føreslo å dele låtskrivinga jamt, slik at dei fire medlemmane fekk like mange songar på albumet, og hente inn musikarar utafrå. Dette vart møtt av ei kald skulder av resten av bandet. Han krangla med bandet då han meinte at ideane hans vart avviste til fordel for Bank sine.[6] Sidan han alt hadde gjeve ut det førte soloalbumet sitt, Voyage of the Acolyte, kravde Hackett at bandet skulle bruke fleire av dei musikalske ideane hans på Wind & Wuthering. Banks enda opp som låtskrivar på seks av ni spor på albumet, meir enn nokon av dei andre.[7] Collins snakka om kravet til Hackett: «Me ønskte berre å bruke det me meinte var det sterkaste materialet, uavhengig av kven som hadde skrive det».[5] Han sa seinare at han likte songane til Hackett, men at bidraga til Banks vann fleire stemmer i bandet.[8] Hackett var ikkje interessert i å skrive kortare, enklare songar, og meinte «galskapen vart tona ned».[9]

Innspelinga byrja i september 1976 med produsenten David Hentschel i Relight Studios i Hilvarenbeek i Nederland,[10][11] første gongen Genesis spelte inn eit album utafor Storbritannia. Bandet fann ut at dei kunne behalde så mykje som 25 % av inntektene frå albumet om dei spelte det inn utanlands. Rutherford likte ideen sidan staden hadde færre distraksjonar.[12] Bandet spelte inn raskt og gjorde grunnspora ferdige på tolv dagar.[13] Dei arbeidde vidare på albumet i oktober i Trident Studios i London.[5] Albumet vart miksa der på tre veker.[13]

Collins forklarte at platenamnet kom frå ein kombinasjon av tidlege arbeidstitlar som «Unquiet Slumbers for the Sleepers...» og «...In That Quiet Earth». Det første namnet kom av «vind-aktige stemningar»; det andre har «ei meir banal stemning» som Emily Brontë-romanen Wuthering Heights.[13] Songane fekk titlar etter den siste setninga i romanen. «Wind» har òg band til «The House of the Four Winds», eit stykke gitarist Steve Hackett skreiv som vart mellomspelet på «Eleventh Earl of Mar»,[14] i tillegg til vinden som vert nemnt i «Your Own Special Way».[15] Banks føreslo albumtittelen, men vart først møtt med tvil frå leiinga «fordi det ikkje var nok zap-pow.»[16]

Plateomslaget vart designa og illustrert av Colin Elgie og Hipgnosis. Elgie likte den visuelle tittelen og tenkte med ein gong på Heathcliff, ein markant rollefigur i Wuthering Heights, og dei engelske lyngheiene. Han hugsa ein scene frå mellomalderfilmen The War Lord (1965) der Charlton Heston stod ved sidan av eit tre og fuglane i treet fyk vekk.[15] Plateomslaget er ein akvarell av Elgie som tok kring tre veker å fullføre. Han såg attende på designet sitt og ønskte å bruke «litt meir farge mindre monokromatisk».[15]

Songar endre

Side ein endre

«Eleventh Earl of Mar» refererer til den historiske personen John Erskine, jarlen av Mar, ein skotsk jakobitt.[17] Arbeidstittelen var «Scottish».[3] Den første linja i songen, «The sun had been up for a couple of hours, covered the ground with a layer of gold», er opningslinja i romanen The Flight of the Heron av D.K. Broster. Rutherford, som skreiv teksten,[3] fekk ideen etter å ha lese ei «historiebok om eit mislukka skotsk opprør ... kring 1715».[3] Hackett skreiv musikken og teksten til mellomspelet av songen, som opphavleg var ein del av ein annan song.[15][18]

«One for the Vine» var eit spor som Banks skreiv under låtskrivinga for A Trick of the Tail. Han brukte eit år på å arbeide på songen før «han vart riktig».[19] Målet hans var å setje saman ei rekkje instrumentale delar til ein komplett song utan å repetere ein del.[18] Teksten, som kom etter Banks hadde arrangert sporet, er ein musikalsk fantasi om ein mann som har blitt erklært ein Kristus-liknande figur, og vart tvungen til å føre folk ut i kamp, medan musikken dekkjer forskjellige stilartar.[7] Til slutt vert han profeten hans sjølv ikkje trudde på, og vert desillusjonert. Banks var inspirert av science fiction-romanen Phoenix in Obsidian (1970) av Michael Moorcock.[15] Songen vart ein konsertfavoritt og var på setlista til bandet i mange år.[20]

«Your Own Special Way» er ein akustisk ballade skriven av Rutherford i open stemming,[15] og inneheld ein tidlegare instrumental dei ikkje hadde nytta før, i midten. Han sa seinare at det var lettare å setje saman bitar av individuelle songar enn å skrive eit enkelt, samanhengande stykke.[21]

Collins skildra «Wot Gorilla?» som ein av favorittane hans på albumet[22] sidan det førte inn inspirasjonen hans frå jazzfusion og Weather Report.[23] Rutherford sa om sporet at «det er ein reprise av ein seksjon frå 'Vine'. Det var Phil sin ide å spele ein kjapp, jazz-aktig rytme»,[3] som bygde på suksessen til «Los Endos» frå det førre albumet.[5] Hackett var mindre entusiastisk og sa først at det var «ein særs dårleg instrumental», men sa seinare at han var «rytmisk god, men harmonisk underutvikla».[15]

Side to endre

«All in a Mouse's Night» er ei komisk soge basert på Tom og Jerry. Banks skreiv teksten med ei teikneserieaktig kjensle.[7] Songen byrja med det Rutherford kalla «involvert episk» før gruppa skrinla denne ideen og greip det an på ein ny måte.[3]

«Blood on the Rooftops» er ein song om «dei keisame og repeterande fjernsynsnyhendene og den generelle spottande vemmelsen ein stundom får når ein ser på nyhende».[4] Musikken til refrenget vart skriven av Collins medan Hackett skreiv musikken til versa, teksten og den klassiske gitarintroduksjonen.[24] I følgje Hackett var songen opphavleg ein kjærleikssong. Han forklarte, «Når eg høyrde dei andre tekstane på albumet, var det likevel ein smak av romantikk, så eg valde å gå de heilt motsette vegen og lage han så kynisk som mogeleg.» Han omhandlar somme politiske saker, som Genesis tidlegare hadde unngått.[18] Banks og Rutherford hevda begge at det var den beste songen Hackett skreiv som medlem av gruppa.[25]

«Unquiet Slumbers for the Sleepers...» og «...In That Quiet Earth» er to instrumentale spor som glir over i kvarandre. Titlane syner til dei to siste avsnitta i romanen som inspirerte til platenamnet – Wuthering Heights av Emily Brontë, som Banks hadde sett i boka. Han meinte at den første tittelen passa den rolege stemninga.[15] Sporet var skriven slik at bandet kunne syne dei musikalske talenta sine.[7]

«Afterglow» er ein beintfram og konsis kjærleikssong, og ei viktig utvikling i karrieren til gruppa, sidan det viste at dei kunne skrive korte songar som dei likevel likte.[7] I motsetnad til tida det tok Banks å utvikle «One for the Vine», skreiv han «Afterglow» «på omtrent like lang tid som det tok å spele han».[26] Banks sa songen «er om ein reaksjon på ein katastrofe og forstå kva som er viktig for det, på ein lett kataklysmisk måte. Eg laga refrenget essensen av kva personen faktisk tenkjer».[15] Slutten bestå av fleire lag av vokalen til Collins.[15] Eit par dagar etter han skreiv songen, tenkte han brått at melodie likna på «Have Yourself a Merry Little Christmas», så han spelte songen på ny og fann ut at «det var ikkje det same».[27] Ein Moog Taurus, ein fotoperert, analog synthesizer, vart nytta til å skape ein borduneffekt. Songen var fast på konsertane til Genesis i over ti år.[28]

Andre songar endre

Gruppa øvde inn Hackett sin «Please Don't Touch» for Wind & Wuthering, men valde å ikkje spele han inn etter at Collins følte han ikkje «klarte å støtte» songen. Gruppa valde i staden «Wot Gorilla?».[15] Hackett spelte seinare inn songen for soloalbumet hans med same namn.[9]

I mai 1977 gav Genesis ut EP-en Spot the Pigeon med tre songar spelte inn under Wind & Wuthering-innspelingane, men som ikkje kom med på det endelege albumet. Dessse var «Match of the Day», «Pigeons» og «Inside and Out». Dei første to er kortare, meir radiovenlege songar, medan den siste ikkje vart nytta fordi Collins einte han var for lang og ikkje «heilt passa» med den totale stilen til albumet, og det var heller ikkje nok plass att. Collins sa at gruppa vurderte å gje ut EP-en som ein del av albumet, men valde å ikkje gjere dette fordi songar «har ein tendens til å gå tapt» for lyttaren på den måten.[13] «Inside and Out» var ein favoritt hos Hackett som meinte songen var sterkare enn noko av det som hamna på albumet.[29] Spot the Pigeon nådde 14. plassen på salslista i Storbritannia.[30]

Utgjeving endre

Wind & Wuthering kom ut i Storbritannia den 17. desember 1976.[31] Det nådde sjuandeplassen på UK Albums Chart[32] og 26. plassen på den amerikanske Billboard 200. I april 1977 hadde albumet selt kring 150 000 eksemplar i USA.[33] «Your Own Special Way» kom ut på singel i USA og nådde 62. plassen på Billboard-lista. Det var den første singelen deira på lista der med Collins som solovokalist. I februar 1977 hadde albumet selt til gullplate i Storbritannia.[31]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [34]
Q     [35]
Rolling Stone (1977)(positiv)[36]
The Rolling Stone Album Guide     [37]

Då innspelinga var over var Banks uroa for at albumet var for «tungt» og «vanskeleg» for folk ved første gjennomlytting, men han visste at fansen ville gje materialet ein sjanse. Han meinte at dei tre songane dei ikkje tok med på albumet var «ganske enkle»[38] og at dette gav albumet eit generelt tyngre og meir eventyraktig tema.[17] Hackett og Banks har begge kalla dette eit av favorittalbuma deira med Genesis.[39][17]

Wind & Wuthering fekk god kritikk hos mange kritikarar då det kom ut. I ei positiv melding for Record Mirror opna David Brown med «Det grå, tåkete, haust-omslaget set stemninga for albumet, med sine dempa tonar og luftige songar». Han meinte at dei nye lyttarane etter suksessen med A Trick of the Tail ikkje kom til å bli skuffa. Han meinte at albumet har «ein særs god gang - musikken flyt... i ein nesten uforstyrra straum... vare instrumentalar som på smart vis knyter songane saman».[40] Barbara Sharone skreiv om dei positive meiningane sine av Wind & Wuthering for Sounds. Ho meinte albumet var «for mykje å fordøye på ei gjennomlytting», «ikkje like umiddelbar, men meir vesentleg» enn A Trick of the Tail, og «bandet verka no avslappa og sikre på seg sjølv». Ho omtalte «One for the Vine» som «den finaste augneblinken til Genesis».[41] Rolling Stone skreiv ei positiv melding om albumet, og hylla Genesis for å verre meir eksperimentelle og meir gjennomtrengd i konvensjonell rock enn andre progrockgrupper. Dei skreiv særskild om «Your Own Special Way» og kalla det «ein førsteklasses popsong».[36] Billboard skreiv at «Genesis har vokse til å bli eit av dei fremste kunstrockbanda frå England og fansen kjem ikkje til å bli skuffa av den siste utgjevinga... stundom er musikken og tekstane glimrande».[42] Stephen Lavers i National RockStar meinte albumet var det beste Genesisalbumet nokon gong og det mest ambisiøse sidan The Lamb Lies Down on Broadway.[43] Circus skildra albumet som «plettfri» og «den mest modne orkestreringa deira til no».[4] Bruce Malamut for Crawdaddy! sa at «Unquiet Slumbers»-suiten var «majestetisk» med sine «fargerike teksturar».[44]

Albumet har i seinare tid òg fått god omtale. Stephen Thomas Erlewine gav albumet fire av fem stjerner for AllMusic. Han skreiv at «Your Own Special Way» var «den mest popaktige songen gruppa hadde spelt inn til då og den førte som kan kvalifiserast som ein kjærleikssong» og oppsummerte albumet som «ei standard Genesis-plate» der bandet «arbeider det same engelske, eksentriske landskapet som var varemerket til gruppa sidan Trespass».[34] Andy Fyfe i Q kalla «One for the Vine» «eit av dei mest imponerande songane» til Genesis.[35]

Turné endre

 
Steve Hackett på turné med Genesis for å marknadsføre Wind & Wuthering, kort tid før han forlet bandet.

Etter albumet kom ut la Genesis ut på ein verdsturné i Europa, Nord-Amerika og dei første konsertane deira i Sør-Amerika. Turneen var første gongen Chester Thompson var med dei som turné-trommeslagar. Thompson erstatta Bill Bruford som spelte trommer på A Trick of the Tail-turneen.[4] Bruford var kritisk til tida si med Genesis sidan han ikkje bidrog musikalsk, og hadde derfor byrja å øve med John Wetton og Rick Wakeman.[45] Collins var fan av Frank Zappa-albumet Roxy and Elsewhere, der Thompson var ein av to trommeslagarar, og spurte han om å bli med som turnémusikar utan å prøvespele først.[46]

Bandet nytta laser og mykje lys på scenen.[4] Turneen trekte til seg store publikum og Collins merka eg at publikummet deira hadde vokse i mange byar dei vitja i USA.[33] Turneen byrja 1. januar 1977 med eit utselt del i Storbritannnia, med tre konsertar i Rainbow Theatre i London, der over 80 000 søkte om dei 8 000 tilgjengelege billettane.[4] Den 31. januar hadde konsertfilmen Genesis In Concert premiere på ABC Cinema i Shaftesbury Avenue med prinsesse Anne og Captain Mark Phillips i publikum.[47]

Den første konserten deira på den nordameerikanske delen av turneen var i Madison Square Garden i New York City.[4] Konserten deira i Brasil trekte til seg over 150 000 menneske, og ein konsert for 100 000 menneske vart avlyst av frykt for opptøyar. Kvart bandmedlem vart følgd av væpna livvakter under besøket deira.[48] Halvvegs ut i turneen var Hackett blitt frustrert med resten av bandet, og mista interessa. Han ønskte i staden å spele inn eit soloalbum.[47] Då turneen var ferdig, og halvvegs gjennom miksinga av konsertalbumet Seconds Out, valde han å slutte i Genesis.[49]

Nyutgjevingar endre

Wind & Wuthering vart først gjeve ut på CD i 1985 på Charisma Records.[50] Ein ommastra CD kom ut i 1994 på Virgin og Atlantic Records.[51] I 2007 vart albumet gjeve ut i ein ny stereo- og 5.1 kringlydmiks, som ein del av plateboksen Genesis 1976–1982. Miksane vart laga av Nick Davis og Tony Cousins.[52][53]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Eleventh Earl of Mar»Tony Banks, Steve Hackett, Mike Rutherford7:45
2.«One for the Vine»Banks10:00
3.«Your Own Special Way»Rutherford6:19
4.«Wot Gorilla?» (instrumental)Phil Collins, Banks3:21
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«All in a Mouse's Night»Banks6:39
2.«Blood on the Rooftops»Hackett, Collins5:28
3.«Unquiet Slumbers for the Sleepers...» (instrumental)Hackett, Rutherford2:20
4.«...In That Quiet Earth» (instrumental)Hackett, Rutherford, Banks, Collins4:54
5.«Afterglow»Banks4:11

Medverkande endre

Henta frå plateomslaget:[54]

Genesis

Produksjon

  • David Hentschel – produsent, lydteknikar
  • Genesis – arrangement, produsent
  • Pierre Geoffroy Chateau – assisterande lydteknikar
  • Nick «Cod» Bradford – assisterande lydteknikar
  • Hipgnosis og Colin Elgie – design
  • Tex (Nibs) Read, Andy Mackrill, Paul Padun – utstyr

Salstrofé endre

Region Salstrofé
Storbritannia (BPI)[55] Gull
USA (RIAA)[56] Gull

Kjelder endre

  1. Bowler & Dray 1992, s. 122.
  2. «Reissues Interview 2007» bonus feature from Genesis 1976–1982 box set for the album Wind & Wuthering. 1:48–:1:52.. [DVD]. Virgin. 2007. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Welch, Chris (25 Desember 1976). «Wuthering heights». Melody Maker: 14. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Frischvers, Richard (31 Mars 1977). «'Wind and Wuthering'». Circus: 58–60. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Bowler & Dray 1992, s. 129.
  6. Bowler & Dray 1992, s. 128–129.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Bowler & Dray 1992, s. 130.
  8. Bowler & Dray 1992, s. 131.
  9. 9,0 9,1 Bowler & Dray 1992, s. 137.
  10. Bowler & Dray 1992, s. 128.
  11. Welch 2011, s. 80.
  12. Young, Jon (Mars 1982). «The Genesis Autodiscography». Trouser Press 71: 16–21. Henta 12. mars 2020. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 «Press kit – Genesis – Wind and Wuthering – Atco (Atlantic Records)». Atlantic Records. January 1977. s. 1–3, 5–6. Arkivert frå originalen 7. juli 2017. Henta 12. mars 2020. 
  14. «Steve Hackett Interview: Beyond The Shrouded Riffs». Genesis News. 23. november 2011. Henta 12. mars 2020. 
  15. 15,00 15,01 15,02 15,03 15,04 15,05 15,06 15,07 15,08 15,09 15,10 Easlea, Daryl (22. april 2017). «Wind & Wuthering: Genesis look back on their boldest prog statement». Proge. Henta 23. februar 2020. 
  16. Lavers, Steven (20. november 1976). «Back to the Rainbow: Genesis ain't excited». National RockStar: 12. Henta 11. mars 2020 – via The Genesis Archive. 
  17. 17,0 17,1 17,2 Welch 2011, s. 81.
  18. 18,0 18,1 18,2 Clarke, Steve (1. januar 1977). «The Genesis Guide to Genesis». New Musical Express. Henta 11. mars 2020 – via The Genesis Archive. 
  19. «Reissues Interview 2007» bonus feature from Genesis 1976–1982 box set for the album Wind & Wuthering. 9:23–:9:30.. [DVD]. Virgin. 2007. 
  20. Welch 2011, s. 82.
  21. Bowler & Dray 1992, s. 130-1.
  22. «Reissues Interview 2007» bonus feature from Genesis 1976–1982 box set for the album Wind & Wuthering. 10:22–:10:26.. [DVD]. Virgin. 2007. 
  23. «Reissues Interview 2007» bonus feature from Genesis 1976–1982 box set for the album Wind & Wuthering. 10:31–:10:41.. [DVD]. Virgin. 2007. 
  24. «Reissues Interview 2007» bonus feature from Genesis 1976–1982 box set for the album Wind & Wuthering. 5:13–:5:25.. [DVD]. Virgin. 2007. 
  25. Bowler & Dray 1992, s. 131–132.
  26. «Reissues Interview 2007» bonus feature from Genesis 1976–1982 box set for the album Wind & Wuthering. 9:30–:9:40.. [DVD]. Virgin. 2007. 
  27. «Reissues Interview 2007» bonus feature from Genesis 1976–1982 box set for the album Wind & Wuthering. 9:45–:10:00.. [DVD]. Virgin. 2007. 
  28. Song Review by François Couture. «Afterglow – Genesis | Listen, Appearances, Song Review». AllMusic. Arkivert frå originalen 29. november 2012. Henta 10. august 2013. 
  29. Derbyshire, Tim (13 Desember 2016). «NEW Steve Hackett Interview – Desember 2016». Progressive Music Review. Henta 25. januar 2019. 
  30. Bowler & Dray 1992, s. 135.
  31. 31,0 31,1 «Certified Awards Search – Wind & Wuthering». British Phonographic Industry. Henta 18. februar 2020. 
  32. Bowler & Dray 1992, s. 247.
  33. 33,0 33,1 Clarke, Steve (16. april 1977). «Oh to be a tax exile, now that April's here...». NME. s. 7–8. 
  34. 34,0 34,1 Wind & WutheringAllmusic
  35. 35,0 35,1 Andy Fyfe Q, 2007. mai Issue 250.
  36. 36,0 36,1 Marsh, Dave (24. februar 1977). «Genesis: Wind & Wuthering : Music Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 1 Desember 2007. Henta 7. mars 2020. 
  37. Brackett & Hoard, s. 327–328.
  38. «Reissues Interview 2007» bonus feature from Genesis 1976–1982 box set for the album Wind & Wuthering. 1:54–:2:23.. [DVD]. Virgin. 2007. 
  39. «Reissues Interview 2007» bonus feature from Genesis 1976–1982 box set for the album Wind & Wuthering. 13:58–14:03.. [DVD]. Virgin. 2007. 
  40. Brown, David (18 Desember 1976). «GENESIS: 'Wind & Wuthering' (Charisma CDS4005)». Record Mirror. 
  41. Charone, Barbara (18 Desember 1976). «Wuthering heights». Sounds. 
  42. «Billboard's Top Album Picks: Pop: GENESIS-Wind & Wuthering». Billboard: 45. 15. januar 1977. Arkivert frå originalen 12. mars 2020. 
  43. Lavers, Stephen (8. januar 1977). «GENESIS: 'Wind & Wuthering' (Charisma CDS4005)». National RockStar. 
  44. Malamut, Bruce (Mars 1977). «Genesis reaches Wuthering Heights». Crawdaddy!. 
  45. Bowler & Dray 1992, s. 132.
  46. Bowler & Dray 1992, s. 133.
  47. 47,0 47,1 Bowler & Dray 1992, s. 134.
  48. «Brazil goes nuts for Genesis». Sounds. 28. mai 1977. 
  49. Bowler & Dray 1992, s. 136.
  50. Wind And Wuthering. Charisma Records. 1985. CDCSD 4005. 
  51. «Wind and Wuthering (1994 CD)». AllMusic. Henta 12. mars 2020. 
  52. «Wind and Wuthering (2007 CD)». AllMusic. Henta 12. mars 2020. 
  53. «Genesis 1976–1982». AllMusic. Henta 12. mars 2020. 
  54. Wind and Wuthering. Charisma Records. 1976. CDS 4005. 
  55. «British album salstrofé – Genesis – Wind and Wuthering». British Phonographic Industry.  Enter Wind and Wuthering in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  56. «American album salstrofé – Genesis – Wind and Wuthering». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH