Seconds Out
Seconds Out Konsertalbum av Genesis | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. oktober 1977 | |
Innspelt | 23. juni 1976 i Pavillon de Paris i Paris («The Cinema Show») 11–14. juni 1977 i Palais des Sports i Paris | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 95:31 | |
Selskap | Charisma | |
Produsent |
| |
Genesis-kronologi | ||
---|---|---|
Spot the Pigeon (1977) |
Seconds Out | ...And Then There Were Three... (1978)
|
Seconds Out er eit dobbelt konsertalbum av Genesis, som kom ut i oktober 1977. Det nådde fjerdeplassen på den britiske albumlista og låg inne på lista i 17 veker.[4] Konsertane vart innspelte i Paris i 1976 og 1977 for turneen deira etter A Trick of the Tail og Wind & Wuthering. Mot slutten av fleire songar kan ein høyre publikum rope om at bandet skal spele ein song til med å rope «Une autre!» som tyder «ein til».
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Rolling Stone | (middels)[2] |
The Rolling Stone Album Guide | [3] |
Sounds |
Historie
endreSeconds Out er det andre konsertalbumet til bandet etter Genesis Live i 1973. Medan det førre konsertalbumet vart gjeve ut for fylle tida medan dei spelte inn Selling England by the Pound, var Seconds Out planlagt som ei stor utgjeving. Med på turneen i 1977 hadde dei med seg tidlegare trommeslagar i Weather Report, Chester Thompson, som kom til å sitje bak trommene på mange Genesis-turnear i åra som følgde. Tidlegare trommeslagar i Yes og King Crimson, Bill Bruford, spelte trommer for bandet i 1976. Phil Collins spelte ikkje trommer sjølv, då han hadde teke over som vokalist i bandet. Bruford er berre med på songen «The Cinema Show» på albumet. Gitarist Steve Hackett slutta i bandet under miksinga av Seconds Out. Albumet vart ein suksess både hos publikum og kritikarane og nådde fjerdeplassen i Storbritannia og 47. plass i USA.
Fram til Genesis Archive 1967-75 (1998), var Seconds Out det einaste offisielle konsertopptaket av Genesis-songen «Supper's Ready».
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Tony Banks/Phil Collins/Peter Gabriel/Steve Hackett/Mike Rutherford.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Squonk» | Banks/Rutherford | 6:39 |
2. | «The Carpet Crawlers» | 5:27 | |
3. | «Robbery, Assault and Battery» | Banks/Collins | 6:02 |
4. | «Afterglow» | Banks | 4:29 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Firth of Fifth» | 8:56 |
6. | «I Know What I Like (In Your Wardrobe)» | 8:45 |
7. | «The Lamb Lies Down on Broadway» | 4:59 |
8. | «The Musical Box (Closing Section)» | 3:18 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
9. | «Supper's Ready»
| 24:33 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
10. | «The Cinema Show» | 10:58 | |
11. | «Dance on a Volcano» | Banks/Collins/Hackett/Rutherford | 5:09 |
12. | «Los Endos» | Banks/Collins/Hackett/Rutherford | 6:20 |
Medverkande
endre- Tony Banks – RMI Electra Piano, Hammmond T. orgel, Mellotron 400, ARP Pro Soloist synthesizer, Epiphone 12-strengsgitar, korvokal
- Mike Rutherford – Gitar, bassgitar, basspedal, korvokal
- Steve Hackett – Sologitar
- Phil Collins – solovokal, perkusjon, trommer på «Robbery, Assault and Battery» (under klaversolo), «Firth of Fifth», «The Musical Box», «Supper's Ready» (under «Apocalypse in 9/8» ), «Cinema Show» (under klaversolo) & «Los Endos»
Andre musikarar
endre- Chester Thompson – trommer & perkusjon på alt utanom «Cinema Show»
- Bill Bruford – trommer & perkusjon på «Cinema Show»
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Seconds Out» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bruce Eder; William Ruhlmann (2011). «Seconds Out – Genesis | AllMusic». allmusic.com. Henta 23. februar 2020.
- ↑ Milward, John (26. januar 1978). «Genesis: Seconds Out : Music Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. mai 2008. Henta 7. mars 2020.
- ↑ Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. s. 327–328. ISBN 978-0-7432-0169-8.
- ↑ Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 17. oktober 2012.