Spouter Peak
Spouter Peak er eit kjenneleg fjell, 615 moh, som ligg 4,5 nautiske mil (8 km) sør-sørvest for Daggoo Peak ved sørsida av munningen av Flaskbreen, på austkysten av Graham Land. Det vart kartlagd og delvis fotografert av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1947. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1956 etter Spouter Inn i New Bedford, der Herman Melville-romanen Moby-Dick opnar.
Spouter Peak | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Graham Land | ||
• høgd | 615 moh. | ||
- koordinatar | 65°49′S 62°23′W / 65.817°S 62.383°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Spouter Peak 65°49′00″S 62°23′00″W / 65.8167°S 62.3833°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Spouter Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).