Spying Through a Keyhole

Spying Through a Keyhole
Plateboks av David Bowie
Språk engelsk
Utgjeve 5. april 2019
Innspelt Januar til november 1968
Sjanger pop
Lengd 27:12
Selskap Parlophone
David Bowie-kronologi 
Glastonbury 2000
(2018)
Spying Through a Keyhole Clareville Grove Demos
(2019)


Spying Through a Keyhole er ein plateboks av den engelske musikaren David Bowie, gjeven ut i april 2019. Samlinga består av fire 7"-vinylplater med i alt ni songar framført av Bowie i 1968 i perioden då han skreiv musikk for albumet David Bowie (1969). Alle songane i samlinga er demoinnspelingar i mono.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Pitchfork7.0/10 stars[1]

Bakgrunn endre

Boksen vart annonsert i januar 2019 og kom ut i høve 50-årsjubileet for albumet David Bowie. Tittelen er henta frå ein av dei tidlegare ukjende songane kalla «Love Is All Around». Somme av songane i samlinga («London Bye, Ta-Ta», «In The Heat of the Morning» og «Space Oddity») var gjevne ut før, men ikkje i dette formatet.[2] Ein trur eit kort utdrag frå «Space Oddity» er den første demoinnspelinga av songen Bowie nokon sinne spelte inn.[1] Samlinga inkluderer sjeldne foto av Bowie, inkludert eitt teken i leilegheita til venen (og ofte produsent og musikar) Tony Visconti i 1968.[3] Plateboksen vart gjort tilgjengeleg på strøymetenester som Spotify den 21. juni 2019.[4]

Innspelingsdatoar endre

I følgje platenotata vert det indikert at alle spora, utanom «Space Oddity», var blitt spelt inn mellom januar og februar 1968, like før studioinnspelinga av «In The Heat of The Morning» og «London Bye, Ta-Ta» i mars 1968.[5] Dei to demoane for «Space Oddity» trur ein kanskje vart spelt inn i november, då songen visstnok skal ha blitt skriven.[6]

Innhald endre

Alle songar skrivne av David Bowie.

Nr.TittelLengd
1.«Mother Grey» (demo)2:59
2.«In the Heat of the Morning» (demo)3:04
3.«Goodbye 3d (Threepenny) Joe» (demo)3:20
4.«Love All Around» (demo)2:51
5.«London Bye Ta-Ta» (demo)3:31
6.«Angel, Angel, Grubby Face» (demoversjon 1)2:34
7.«Angel, Angel, Grubby Face» (demoversjon 2)2:36
8.«Space Oddity» (demoutdrag)2:41
9.«Space Oddity» (demo - alternativ tekst [med John 'Hutch' Hutchinson])4:05
Total lengd:27:12

Salslister endre

Liste (2019) Plassering
Den franske albumlista (SNEP)[7] 118
Skotske album (OCC)[8] 15
Britiske album (OCC)[9] 55

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Andersen, Stacey (4. april 2019). «David Bowie Spying Through a Keyhole». Henta 30. september 2021. 
  2. Sinclair, Paul (8. januar 2019). «David Bowie / Spying Through A Keyhole – 7" box set of unreleased material». Henta 30. september 2021. 
  3. «Out Now: David Bowie, SPYING THROUGH A KEYHOLE». 5. april 2019. Henta 30. september 2021. 
  4. «STAK box set now available to stream». David Bowie (på engelsk). Henta 21. juni 2019. 
  5. David Bowie - Spying Through a Keyhole Liner Notes, 2019, Parlophone
  6. Bowie - Mercury Demos Liner Notes, 2019, Parlophone
  7. «Le Top de la semaine : Top Albums Fusionnes – SNEP (Week 15, 2019)» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 15. april 2019. 
  8. "20190412 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 30. september 2021.
  9. "20190412 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 30. september 2021.