Glastonbury 2000
Konsertalbum av David Bowie
Utgjeve 30. november 2018
Innspelt 25. juni 2000
Studio RCA Mobile
Spelestad Pilton i Somerset i England
Sjanger Rock
Lengd 114:16
Selskap Parlophone
Produsent Tony Visconti
David Bowie-kronologi 
Loving the Alien (1983–1988)
(2018)
Glastonbury 2000 Spying Through a Keyhole
(2019)
Konsertalbum av David Bowie-kronologi
Welcome to the Blackout (Live London '78)
(2018)
Glastonbury 2000 Ouvrez le Chien (Live Dallas 95)
(2020)


Glastonbury 2000
Video av David Bowie
Utgjeve 2018
Innspelt 2000
Sjanger rock
Selskap Parlophone
David Bowie-kronologi 
VH1 Storytellers
(2009)
Glastonbury 2000


Glastonbury 2000 er eit konsertalbum av den engelske musikaren David Bowie. Det vart spelt inn søndag kveld 25. juni 2000 då Bowie var hovudartisten på Glastonburyfestivalen. Albumet var første gongen heile videoen og heile konserten kom ut, 18 år etter konserten. Konserten vart kringkasta i sin heilskap for første gongen på BBC2 den 28. juni 2020.[1][2]

Bakgrunn

endre

Publikumstalet på Glastonbury dette året var estimert til å ha vore 250 000.[3] Bowie bad pianisten Mike Garson om å «varme opp publikum» før hans eigen konsert starta, slik Garson hadde gjort før den siste Ziggy Stardust-konserten nesten 30 år tidlegare.[4]

Glastonbury-organisatoren Emily Eavis sa, «Eg har ofte blitt spurt om kva den beste konserten eg har sett her på Glastonbury er, og det er alltid Bowie-konserten i 2000 eg tenkjer på først. Han var trollbindande. Han fekk absolutt heile det enorme publikummet oppslukt. Eg trur Bowie hadde eit særs djupt forhold til Worthy Farm og han fortalte meg nokre fine soger frå første gongen han var på festivalen i 1971, då han budde på det kjende gardshuset og spelte kl. 06 om morgonen medan sola kom opp. Og han spelte berre den perfekte konserten her. Det var verkeleg spesielt og kjenslemessig.»[5] Garson sa at av alle konsertane han hadde spelt med Bowie var Glastonburykonserten hans favoritt.[6]

Faren til Emily Eavis, Michael, som skipa festivalen, møtte Bowie første gongen på Glastonbury i 1971. Han sa: «Han er ein av dei tre største gjennom tidene: Frank Sinatra, Elvis Presley og David Bowie.»[5]

Innhald

endre

Alle songane skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

CD 1
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Introduction (Greensleeves)» (Framført av Mike Garson)Trad.1:48
2.«Wild Is the Wind»Dimitri Tiomkin, Ned Washington6:54
3.«China Girl»Bowie, Iggy Pop4:24
4.«Changes» 3:40
5.«Stay» 7:12
6.«Life on Mars?» 4:42
7.«Absolute Beginners» 7:50
8.«Ashes to Ashes» 5:21
9.«Rebel Rebel» 4:12
10.«Little Wonder»Bowie, Reeves Gabrels, Mark Plati3:57
11.«Golden Years» 4:07
Total lengd:54:07
CD 2
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Fame»Bowie, Carlos Alomar, John Lennon4:25
13.«All the Young Dudes» 3:43
14.«The Man Who Sold the World» 3:51
15.«Station to Station» 9:49
16.«Starman» 4:50
17.«Hallo Spaceboy»Bowie, Brian Eno5:28
18.«Under Pressure»Roger Taylor, Freddie Mercury, Bowie, John Deacon, Brian May5:23
19.«Ziggy Stardust» 3:54
20.«“Heroes”»Bowie, Eno5:57
21.«Let's Dance» 7:06
22.«I'm Afraid of Americans»Bowie, Eno5:43
Total lengd:60:09 (114:16)

Turnéband

endre

Salslister

endre
Liste (2018) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[7] 50
Belgiske album (Ultratop Flandern)[8] 18
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[9] 30
Tsjekkiske album (CNS IFPI)[10] 49
Nederlandske album (MegaCharts)[11] 19
Franske album (SNEP)[12] 56
Tyske album (Offizielle Top 100)[13] 31
Ungarske album (MAHASZ)[14] 28
Irske album (IRMA)[15] 34
Italienske album (FIMI)[16] 32
Portugisiske album (AFP)[17] 21
Skotske album (OCC)[18] 23
Spanske album (PROMUSICAE)[19] 46
Svenske album (Sverigetopplistan)[20] 39
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[21] 53
Britiske album (OCC)[22] 25
US Top Alternative Albums (Billboard)[23] 21

Kjelder

endre
  1. «Glastonbury 2020 line-up: The schedule of classic headliners on BBC virtual festival coverage – and how to watch». iNews. Henta 28. juni 2020. 
  2. «Why David Bowie's magical Glastonbury set was cut off halfway by the BBC in 2000». Somerset Live. Arkivert frå originalen 9. januar 2022. Henta 16. september 2021. 
  3. @MikeGarson (25. juni 2021). «I was standing backstage with David and bandmates preparing to perform at Glastonbury 21 years ago.» (Tweet). Henta 25. juni 2021 – via Twitter. 
  4. @MikeGarson (25. juni 2021). «I felt David’s apprehension.» (Tweet). Henta 20. september 2021 – via Twitter. 
  5. 5,0 5,1 «Bowie's Glastonbury 2000 performance due November». David Bowie. Henta 25. desember 2018. 
  6. @MikeGarson (25. juni 2021). «Then David walked out.» (Tweet). Henta 25. juni 2021 – via Twitter. 
  7. "David Bowie - Glastonbury 2000" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  8. "David Bowie – Glastonbury 2000" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien.
  9. "David Bowie – Glastonbury 2000" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien.
  10. "Top 50 Prodejní". Tsjekkiske album. CNS IFPI. Note: On the chart page, select 201849 on the field besides the word "Zobrazit", and then click over the word to retrieve the correct chart data.
  11. "David Bowie – Glastonbury 2000". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  12. "David Bowie – Glastonbury 2000". Lescharts.com. Hung Medien.
  13. "Offiziellecharts.de – David Bowie – Glastonbury 2000" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  14. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia.
  15. «Irish Albums Chart: 20. september 2021». Irish Recorded Music Association. 
  16. «Album – Classifica settimanale WK 49 (dal 2018-11-30 al 2018-12-06)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Henta 11. desember 2018. 
  17. "David Bowie – Glastonbury 2000". Portuguesecharts.com. Hung Medien.
  18. "20181207 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  19. «Top 100 Albumes – Semana 49: del 30.11.2018 al 6.12.2018» (på spansk). Productores de Música de España. Henta 20. september 2021. 
  20. «Sverigetopplistan – Sveriges Officiella Topplista». Sverigetopplistan. Henta 20. september 2021.  Click på «Veckans albumlista».
  21. "David Bowie – Glastonbury 2000". Swisscharts.com. Hung Medien.
  22. "20181207 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  23. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Top Alternative Albums for David Bowie. Prometheus Global Media.