Chain
(Omdirigert frå Square-chain)
Chain er ei britisk og amerikanske måleining for lengd. Ei målelenkje består av 100 metalledd knytte saman med ringar.
I USA nyttar ein surveyer's chain eller Gunter's chain, der kvart ledd er 7,92 tommar og ei 1 chain i alt er 66 fot eller 20,12 meter. Dette er fastsett for bruk ved landmåling. Ein nyttar òg eininga som arealeining, då kalla square-chain (eller kvadrat-chain), som er 0,1 acre eller 404,7 kvadratmeter.
Ein mindre nytta variant er engineer's chain som er lik 100 ft eller 30,48 meter.
Kjelder
endre- chain. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/chain