Sredinnyjfjella
Sredinnyjfjella (russisk Срединный хребет; Sredinnyj khrebet) er ei fjellkjede i Kamtsjatka i Russland ved 56°N 158°E / 56°N 158°E. Ho strekkjer seg frå nord til sør langs midten av halvøya og består av vulkanar, hovudsakleg skjoldvulkanar og stratovulkanar. Den høgaste toppen i fjellkjeda er Itsjinskij, ein stratovulkan på 3621 meter over havet. Sredinnyjfjella er skild frå kystfjella i aust av Den sentrale kamtsjatkasenkinga.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sredinny Range» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2008.