Itsjinskij (russisk Ичинский eller Ичинская сопка, Itsjinskaja sopka) er ein stor stratovulkan som ligg sentralt på Kamtsjatkahalvøya i Russland. Han er den klart høgaste toppen i Sredinnyjfjella, den sentrale fjellkjeda på halvøya. Itsjinsky er av dei største vulkanane på Kamtsjatka med eit volum på om lag 450 kubikkilometer.

Itsjinskij
fjell
Land  Russland
Område Kamtsjatka
Fjelltype Stratovulkan
Fjellkjede Sredinnyjfjella
Høgd 3 621 moh.
Primærfaktor 3 125 m m
Bergartar frå Pleistocenholocen
Siste utbrot 1740
Koordinatar 55°41′N 157°44′E / 55.68°N 157.73°E / 55.68; 157.73
Kart
Itsjinskij
55°40′40″N 157°43′18″E / 55.677777777778°N 157.72166666667°E / 55.677777777778; 157.72166666667
Wikimedia Commons: Ichensky Volcano

På toppen av vulkanen ligg ein 3 x 5 km stor kaldera, og inne i denne to lavadomar som er dei høgaste toppane. Heile toppområdet er dekt av ein stor isbre og fleire store isbrear går ned sidene av vulkanen. Det er fleire fumaroler i kalderaen.

Fleire dasitt- og rhyodasittdomar ligg på sidene av vulkanen nedanfor kanten på krateret. Basaltiske og dasittiske lavastraumar dannar dei nedre flankane, nokre av dei opp mot 10-15 km lange.

Kjelder endre