Idretslaget Stålkameratene er eit idrettslag i Mo i Rana, stifta 11. januar 1935 under namnet Mo Arbeideridrettslag. Dagens namn vart teke i bruk i 1946. Idrettslaget er i 2015 aktivt med i idrettsgreiner som bogeskyting, fotball, friidrett, judo, jujutsu, skiidrett, samt trim.

Klubbhuset Stålbrakka

Stålkameratene har både ein oppvarma idrettshall med internasjonale mål for fotball, og fotballbana Sagbakken stadion. Kampsportane og bogeskyting held til i Stålbrakka.

Skirennaren Simon Slåttvik og friidrettsutøvaren Ole Bernt Skarstein er dei best kjende Stålkameratene.

Kjelder

endre

heimeside