Opna hovudmenyen

Simon Kaurin Slåttvik (24. juli 19175. mai 2001) var ein kombinertrennar og skihoppar frå Valnesfjord i Fauske kommune. Han vart olympisk meister i øvinga i 1952 i Oslo, to år tidlegare vann han bronsemedaljen under VM i Lake Placid. Slåttvik vart noregsmeister i kombinert fire gongar og vann kombinert i Holmenkollrenna tre gongar. Han var den fyrste norske kombinertrennaren som hoppa over 100 meter. Slåttvik, som representerte Stålkameratene, døydde på Lillehammer.

Simon Slåttvik
Simon Slåttvik 1953.jpg
Fødd 24. juli 1917
Valnesfjord
Død

7. mai 2001
Lillehammer

Yrke kombinertløpar, skihoppar, langrennsløpar
Simon Slåttvik på Commons

AktivEndra

Slåttvik var nesten tretti år gammal då han vart noregsmeister i kombinert i 1947. Året etter gjekk han til topps i øvinga i Holmenkollen, men han var ikkje med til olympiaden i St. Moritz same sesongen. Han vart på ny noregsmeister i 1949.

I 1950-sesongen fekk Slåttvik to bronsemedaljar under noregsmeisterskapen, både i kombinert og i spesielt hopprenn. Han var ein av seks norske kombinertrennarar som tok den lange turen til verdsmeisterskapen i Lake Placid i delstaten New York i USA. Der fekk Slåttvik ein ny bronsemedalje, ein VM-bronse, 0,2 poeng bak landsmannen Ottar Gjermundshaug som fekk sølv, og vel tre poeng bak verdsmeisteren Heikki Hasu frå Finland.

Slåttvik vart både noregsmeister og vann i Holmenkollen i 1951-sesongen. Året etter var det olympisk meisterskap i Holmenkollbakken og i Kollen-løypene. Slåttvik leia den olympiske tevlinga etter hopprennet, tett føre landsmannen Sverre Stenersen. På femte plass låg den sterke finske langrennaren Heikki Hasu. Før 18-kilometeren den 18. februar 1952 hadde Slåttvik 4 minutt og 32 sekundar til gode på Hasu, ein kar som kunne verte dobbelt olympiameister, ettersom det kombinerte langrennet også var ein del av det spesielle langrennet. Slåttvik gjekk i mål på tida 1.05.40, etter han i løypa kom Hasu som fekk notert 1.02.24 i sluttid. Dermed vart det norsk langrennsgull, ved Hallgeir Brenden, og norsk kombinert-gull i eitt og same renn. Hasu fekk kombinert-sølvet og vart nummer fire på 18 km.

I 1953 sigra Slåttvik i sin fjerde og siste noregsmeisterskap, medan han i 1954 vart nummer fem i verdsmeisterskapen i Falun. Her hadde han berre landsmenn føre seg på resultatlista, den nye kombinertkongen Sverre Stenersen sigra føre Gunder Gundersen.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og rennEndra

  • 1948: Vinnar i Holmenkollen
  • 1949: Nr 8 i Holmenkollen
  • 1950: Vinnar i Holmenkollen
  • 1951: Vinnar i Holmenkollen, nr 2 i Lahti i både kombinert og i hopp
  • 1952: Olympiameister i Oslo
  • 1953: Nr 2 i Lahti og nr 3 i Holmenkollen
  • 1954: Nr 5 under ski-VM i Falun
  • 1955: Nr 6 i hopprennet i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra

  • 1947: Gullmedalje i kombinert
  • 1949: Gullmedalje i kombinert og nr 5 på 18 km
  • 1950: Bronsemedalje både i kombinert og i hopprenn
  • 1951: Gullmedalje i kombinert
  • 1952: Bronsemedalje i kombinert
  • 1953: Gullmedalje i kombinert
  • 1954: Nr 7 i kombinert

I 1951 vart Slåttvik tildelt Holmenkollmedaljen.

KjelderEndra

  • P.Chr. Andersen:Den nye olympiaboken, 1957

BakgrunnsstoffEndra

  • (en) Simon Slåttvik – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.