St. Gallenkirch
St. Gallenkirch er ein landkommune i distriktet Bludenz i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen, som dekker eit areal på 128 km² og har 2 189 ibuarar i 2016, ligg i Montafon-dalen og består av landsbyane St. Gallenkirch, 878 meter over havet, Galgenul og Gortipohl, samt grenda Gargellen i ein sidedal til hovuddalføret. 47% av flatevidda er høgfjell, 28% er skogdekt.
Heile kommunen er dominert av turismen.
Skirennaren Erika Netzer var frå St. Gallenkirch.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «St. Gallenkirch» frå Wikipedia på tysk, den 6. mars 2016.