Erika Netzer (23. juni 193730. november 1977) var ein austerriksk alpin skirennar frå St. Gallenkirch i Vorarlberg.

Erika Netzer
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 23. juni 1937
St. Gallenkirch
Død

30. november 1977 (40 år)
St. Gallen

Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1960

Netzer braut begge beina i skisesongen 1958, men kom sterkt tilbake i 1959-sesongen. Ho vart då austerriksk meister både i slalåm, storslalåm og i kombinasjonen og vann elles fleire av dei store årlege skitevlingane i alpelanda. I 1960 deltok ho i vinterleikane i Squaw Valley, der ho enda på åttandeplassen i utforrennet.

Under VM i alpine greiner 1962 i franske Chamonix tok ho tre medaljar. Det starta med sølvmedalje i storslalåm, sju hundredels sekund bakom landskvinna Marianne Jahn. I slalåmtevlinga tre dagar seinare var Jahn suveren, Netzer vann bronsemedaljen med stor margin til neste kvinne på resultatlista. Samanlagt tok så Netzer bronsemedaljen i kombinasjonen. Seinare i 1962-sesongen vart ho austerriksk meister i storslalåm.

Netzer la opp etter 1963-sesongen. Ho døydde i St. Gallen i Sveits av ein leversjukdom, 40 år gammal.

Kjelder endre