St Helens i Merseyside
St Helens er ein by i Merseyside i England. Han er den største byen og det administrative senteret i distriktet St Helens og har like over 100 000 innbyggjarar. Byen vart ein del av ein kommune i 1868 i lag med Eccleston, Parr, Sutton og Windle og han vart eit distrikt i 1887, som i 1974 var eit bydistrikt.
St Helens | ||
---|---|---|
Rådhuset, St Mary's Lowe House Catholic Church, The Anderton Shearer Monument, The Ravenhead Colliery Mine Works, og The British Plate Glass Casting Hall, Ravenhead. | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Merseyside | |
Distrikt | St Helens | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
102 629 | |
Koordinatar | 53°27′N 2°45′W / 53.450°N 2.750°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | WA | |
Telefon-retningsnummer | 01744 | |
St Helens ligg heilt sørvest i det historiske grevskapet Lancashire i Norvest-England, 10 km nord for elva Mersey.
Det lokale området utvikla seg raskt under den industrielle revolusjonen på 1700- og 1800-talet og vart eit viktig senter for kolgruvedrift,[1] og glasmaking.[2] Både før og under denne perioden var det òg ein bomulls- og linindustri (hovudsakleg seglmaking)[3] som varte fram til midten av 1800-talet, i tillegg til industriar for salt, kalkstein, koparutvinning og bryggeri.[4] I dag er St Helens ein handelsby og det meste av den gamle industrien har forsvunne.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «St Helens, Merseyside» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Barker, T.C & Harris, J.R. (1994). Merseyside Town in the Industrial Revolution: St. Helens, 1750-1900. Routledge. s. 3–11. ISBN 0714645559.
- ↑ Barker, T.C & Harris, J.R. (1994). Merseyside Town in the Industrial Revolution: St. Helens, 1750-1900. Routledge. s. 108–120. ISBN 0714645559.
- ↑ Barker, T.C & Harris, J.R. (1994). Merseyside Town in the Industrial Revolution: St. Helens, 1750-1900. Routledge. s. 120–131. ISBN 0714645559.
- ↑ Barker, T.C & Harris, J.R. (1994). Merseyside Town in the Industrial Revolution: St. Helens, 1750-1900. Routledge. s. 90–108. ISBN 0714645559.