St. Johann in Tirol

St. Johann in Tirol (dialekt: Sainihåns) er ein bykommune i distriktet Kitzbühel nordaust i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 59,1 km² og i kring 9 200 ibuarar.

Bysentrum i St. Johann

Byen ligg i Leukental, 660 meter over havet, og der dei tre elvane Reither Ache, Kitzbüheler Ache og Fieberbrunner Ache renn saman og dannar Großache, ei elv som under navnet Tiroler Ache munnar ut i Chiemsee i tyske Bayern.

Ei kyrkje bygd på 700-talet og vigd Johannes døyparen, har gitt namn til staden. Byen St. Johann kom til rikdom gjennom utvinning av kopar og sølv i tida frå 1500- til 1700-talet. Den då 780 meter djupe gruva ved Oberndorf var den gongen verdas djupaste sjakt.

I dag er turisme hovudnæring i St. Johann.

St.Johann med Kaisergebirge

KjelderEndra