St. Niklaus
St. Niklaus (fransk Saint-Nicolas) er ein kommune i distriktet Visp i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 2 358 innbyggjarar (2010) og eit areal på 89 km². Kommunesenteret ligg 1120 meter over havet.
St. Niklaus | |||
---|---|---|---|
St. Niklaus frå nord | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Valais | ||
Distrikt | Visp | ||
Språk | tysk (swiss) | ||
Borgarmeister | Gaby Fux-Brantschen | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
89,37 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
2 358 26,4 /km² | ||
Koordinatar | 46°11′0″N 7°48′0″E / 46.18333°N 7.80000°E | ||
Høgd over havet | 1120 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 3924 | ||
Nettstad: gemeinde.st-niklaus.ch |
Kommunen er den største busetnaden i Matterdalen (òg kalla Nikolaidalen). Han består av busetnadane Riedmatten, Dorf, Stalu, Ze Schwidernu, Mattsand, Herbriggen, Breitmatten i dalbotnen og alpegrenda Gasenried i austsida.
St Niklaus ligg i Mattertal, ein bratt dal som går opp frå Stalden til Zermatt, og er omgjeven av somme av dei høgaste fjelltoppane i Alpane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «St. Niklaus» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (tysk)
- Museum Arkivert 2020-09-18 ved Wayback Machine.