Stalagmitt

(Omdirigert frå Stalagmittar)

Stalagmitt er ein type dryppstein som veks opp frå golvet i einskilde kalksteinsgrotter. Dei blir danna ved at kvar enkelt dråpe avset ein forsvinnande lita mengd kalkspatt, variasjon i vassgjennomstrøyming og luftgjennomstrøyming avgjer form og kor sakte dei veks. Er vatnet òg jarnhaldig kan det gje rustgul farge.

Heksefingeren i Carlsbad Cavern i New Mexico

Stalagmitt blir ofte forveksla med stalaktitt, som veks ned frå taket. Viss stalagmitten er større enn stalaktitten er det gjerne raskare vassgjennomstrøyming. Ved mindre vassgjennomstrøyming blir det avsett meir av kalkspatten i stalaktitten, når dråpen fall frå grottetaket.

Kjelder endre