Stalybridge er ein by i grevskapet Stor-Manchester i England. Han har kring 24 000 innbyggjarar.[1] Byen ligg 15 km aust for sentrum av Manchester og 10 km nordvest for Glossop. Historisk høyrde han til grevskapet Cheshire.

Stalybridge

Plassering
Stalybridge is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Stor-Manchester
Distrikt Tameside
Geografi
Innbyggjarar
 - By (folketeljinga 2011[1][2])

23 731
Koordinatar 53°29′N 2°2′W / 53.483°N 2.033°W / 53.483; -2.033
Diverse annan informasjon
Postnummer SK15
Telefon-retningsnummer 0 0161 / 01457
Commons har multimedium som gjeld: Stalybridge

Då det vart bygd ein bomullsfabrikk på staden i 1776 vart Stalybridge eit av dei første sentera for tekstilproduksjon under den industrielle revolusjonen.[3] Stalybridge blei tidlegare kalla Staley, men fekk namnet Stalybridge etter at det blei bygde ei bru over elva Tame i 1707.[4] Ein kanal, Huddersfield Narrow Canal, blei bygd her i 1811 og går framleis gjennom byen.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «2011 census for Stalybridge North». Henta 4. februar 2015. 
  2. «2011 census for Stalybridge South». Henta 4. februar 2015. 
  3. http://encyclopedia.farlex.com/Stalybridge
  4. Dodgson (1970a), s. 316–317.
Bibliografi
  • Dodgson, J. McN. (1970a). The place-names of Cheshire. Part one: County name, regional- & forest names, river-names, road-names, the place-names of Macclesfield Hundred. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 0-521-07703-6.