Standard temperatur og trykk

Temperatur og trykk kan variera frå stad til stad på jorda, og kan dessutan variera på den same staden til ulike tider. Sidan desse verdiane er svært viktige i mange kjemiske og fysiske prosessar, særleg i samband med målingar, har det vore nødvendig å definera standardtilhøve for temperatur og trykk.

Innan kjemien refererer standard temperatur og trykk (STP) til den eksakte temperaturen 0°C (273,15 K) og eit trykk på 1 atm (101,325 kPa). Desse tilhøva tilsvarar smeltepunktet for vatn og det normale lufttrykket ved havflata.

Ein refererer somme tider også til standard romtemperatur og trykk (SATP), som er lik 25 °C (298,15 K) og 100 kPa. Sjølv om det er fleire variasjonar av denne definisjonen, er det vanlegast å bruka temperaturen og trykket der likevektskonstanten for autoioniseringa av vatn er 1,0×10−14 (dvs. at nøytral pH er 7,0).