Stanislav Namașco
moldovsk fotballspelar
Stanislav Namașco (fødd 10. november 1986 i Tiraspol i Moldova) er ein moldovsk fotballspelar som har spela som keeper for FK Kuban i den russiske fotballigaen, og for det moldovske landslaget. Namașco har også russisk pass.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Станислав Намашко, Stanislav Namasjko | ||
Fødd | 10. november 1986 | ||
Fødestad | Tiraspol | ||
Posisjon | Keeper | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | FK Kuban | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2004-08 2008-09 2010- 2011 |
FC Tiraspol Sheriff Tiraspol Kuban Spartak Naltsjik |
76 (0) 34 (0) 2 (0) 2 (0) | |
Landslag | |||
2007- | Moldova | 24 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. december 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 8. oktober 2011 |
Namașco var med på å verta seriemeister i Moldova for Sheriff Tiraspol i 2008 og 2009. I desse to sesongane spelte han 33 seriekampar og slepte inn 14 mål. Begge desse åra vart han òg kåra til beste keeper i Moldova.
Namașco debuterte for Moldova sitt A-landslag 17. november 2007 i ein EM-kvalifiseringskamp mot Ungarn.