Stanton Hills
Stanton Hills er ei gruppe laust samla nunatakar som strekkjer seg over 12 nautiske mil (22 km) og stig til kring 1300 moh, med senter kring 8 nautiske mil (15 km) vest for Mount Neuner i Behrendt Mountains, sør i Palmer Land. Ho vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi tekne av U.S. Navy i 1961-67 og namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter at eit geolog-lag frå USGS vitja området 1977–78, etter kapteinløytnant Ronald A. Stanton i US Navy, flykaptein på LC-130 Hercules-flyet som støtta gruppa.
Stanton Hills | |||
nunatak | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Behrendt Mountains | ||
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 75°17′S 73°12′W / 75.283°S 73.200°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Stanton Hills 75°17′00″S 73°12′00″W / 75.2833°S 73.2°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Stanton Hills» (innhald frå Geographic Names Information System).