Stargatsj
Stargatsj er eit fjell på grensa mellom Bulgaria og Hellas. Det ligg aust for Slavjanka vest for Beslenåsen, sør for Pirinfjella og nord for Káto Nevrokópi-dalen.
Stargatsj | |||
fjell | |||
Land | Hellas, Bulgaria | ||
---|---|---|---|
Høgd | 1 270 moh. | ||
Stargatsj 41°23′00″N 23°46′00″E / 41.383333333333°N 23.766666666667°E |
Det høgaste punktet på fjellet ligg på gresk side og heiter Kulata med ei høgd på 1 270 moh. Den høgaste toppen på bulgarsk side er Asenov med ei høgd på 1 218 m.
Stargatsj er eit horstfjell som består av marmor, gneis og glimmer. Enkelte stader finn ein òg granitt og kvarts.
Stargatsj er stort sett dekt av buskar og tre som ask, hassel, einer og syrin. I dei høgareliggande områda av fjellet er det bøk. Av dyreliv på fjellet kan ein finne villkatt, villsvin og hare.
Nærliggande landsbyar er Ilinden og Nova Lovcha.
Kjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Stargach frå Engelsk Wikipedia .