Statens balletthøgskole

Statens balletthøgskole var ein skule i Oslo for å utdanne dansarar, dansepedagogar og koreografar, og hadde eineansvaret i Noreg for denne utdanninga på høgskulenivå. Skulen vart skipa i 1979, og vart formelt ein høgskule i 1982.

Statens balletthøgskole
Grunnlagd1979
KommuneOslo kommune

I 1996 vart Ballethøgskolen ei avdeling av Kunsthøgskolen i Oslo, og frå hausten 2017 vart namnet endra til Kunsthøgskolen i Oslo – avdeling Dans.