Opna hovudmenyen

Statistics New Zealand (maori Te Tari Tatau eller Tatauranga Aotearoa) er den statlege newzealandske statistiske organisasjonen med ansvar for landet sine offisielle statistikkar i medhald av statistikklova av 1975 (1975 Statistics Act). Frå 1955 til 1994 var det kjent som Department of Statistics.

Statistics New Zealand
Tatauranga Aotearoa
Skipa1956
HovudkontorWellington, Wellington City Edit this on Wikidata
Tilsette924 (2017)[1]

OppgåverEndra

I tillegg til dei sentrale leiaroppgåvene står organisasjonen for folketeljinga i landet kvart femte år.Mange av statistikkane som kjem ut herfrå er gratis og fritt tilgjengelege frå nettstaden til Statistics New Zealand. I tillegg utarbeider organisasjonen statistiske klassifikasjonar og standardar for New Zealand, og leier pågåande forsking og utvikling av relevante statistiske metodar. Det vert også gjeve teknisk assistanse til utviklingsland kring Stillehavet, med særskilt fokus på øynasjonar.[2] Statistics New Zealand er tillagt utvikling og framlegging av alle statistikkar som utgjer landet sitt offisielle statistikksystem.

OpphavsrettEndra

Nettstaden til Statistics New Zealand fastset at informasjon henta frå Statistics New Zealand fritt kan brukast, kopierast eller siterast i fall ikkje anna er uttrykt. Statistics New Zealand må i alle tilfelle tilkjennegjevast som kjelde.[3]

ReferansarEndra

  1. «Annual Report 2017». Statistics New Zealand. 30. juni 2017. 
  2. Statistics New Zealand
  3. «Copyright and terms of use». Statistics NZ. 

BakgrunnsstoffEndra