Det russiske imperiet

Det russiske imperiet (eldre russisk: Pоссійская Имперія, moderne russisk: Российская Империя) var ein stat som eksisterte frå 1721 til den russiske revolusjonen i 1917. Han etterfølgde Det russiske tsardømet, og vart etterfølgd av Sovjetunionen. Det var det andre største samanhengande imperiet verda hadde sett, berre det mongolske riket var større. På eit tidspunkt i 1866 strekte det seg frå Aust-Europa, gjennom Asia og inn i Nord-Amerika. På byrjinga av 1900-talet var Russland det største landet i verda. Det strekte seg då frå Nordishavet i nord til Svartehavet i sør, og frå Austersjøen i vest til Stillehavet i aust. Over dette enorme området var dei 176,4 millionar innbyggjarane spreidde. På denne tida var dette det tredje største folketalet i verda, etter Qing-dynastiet og Britisk India. I folkesetnaden var det stor skilnad både i økonomiske, etniske og religiøse faktorar. Regjeringa, som vart leidd av keisaren, var eit av dei siste absolutte monarkia som var att i Europa.

Россійская Имперія
Rossijskaja Imperija
Det russiske imperiet

1721–1917
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Nasjonalsong
Ingen
Keisarsong
Боже, Царя храни!
"Gud signe tsaren!"
Plasseringa til Russland
Plasseringa til Russland
Det russiske imperiet i 1866
Hovudstad St. Petersburg
(1721–1728)
Moskva
(1728–1730)
St. Petersburg
(1730–1918; frå 1914 Petrograd)
Religion Offisiell religion:
Russisk-ortodoks
Minoritetsreligionar:
Jødedom, katolisisme, protestantisme, gammaltruande, islam, buddhisme, paganisme
Styreform Monarki
Tsar
 - 1721–1725 Peter I (første)
 - 1894–1917 Nikolaj II (siste)
Formann av ministerrådet
 - 1905–1906 Sergej Witte (første)
 - 1917 Nikolaj Golitsyn (siste)
Lovgjevande forsamling Regjerande senat
 - Overhus Statsrådet
 - Underhus Statsdumaen
Historie
 - Peter I tiltrer 7. mai 1682
 - Riket erklært 22. oktober 1721
 - Desembrist-opprøret 26. desember 1825
 - Avskaffinga av føydalismen 3. mars 1861
 - Revolusjonen i 1905 Januar–desember 1905
 - Grunnlova 6. mai 1906
 - Februarrevolusjonen 15. mars 1917
 - Oktoberrevolusjonen 7. november 1917
Areal
 - 1866 23 700 000 km²
 - 1916 21 799 825 km²
Innbyggjarar
 - 1897 est. 125 640 021 
Valuta Rubel
Føregjengar
Etterfølgjarar
Det russiske tsardømet
Den russiske republikken
Ober Ost
Karafuto prefektur
Department of Alaska
Den transkaukasiske demokratiske forbundsrepublikken
I dag ein del av

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.