Norsk statsminister i Stockholm

(Omdirigert frå Statsminister i Stockholm)

Norsk statsminister i Stockholm var tittelen på eit statsrådsembete frå 1873 til 1905 i Unionen mellom Sverige og Noreg. Noreg sin statsminister i Stockholm hadde etter 1873 rang etter statsminister i Kristiania, men før dette rang framom. Statsministeren i Stockholm leia den norske statsrådsavdelinga der, som hadde hovudsete på Ministerhotellet.

Det norske Ministerhotellet i Stockholm.

Etter at unionen med Sverige tredde i kraft i 1814 vart den norske regjeringa todelt, med ei avdeling i Kristiania og ei i Stockholm. I den norske grunnlova vart det november 1814 i paragraf 15 teke inn:

«Hos Kongen forbliver stedse, under Hans Ophold i Sverige, den Norske Statsminister og tvende af Statsraadets Medlemmer, hvilke sidste aarligen omskifte.»

Frå 1814 til 1873 hadde Norges statsminister tilhald ved statsrådsavdelinga i Stockholm. I hans fråvær vart Noregs regjering i Kristiania leia av ein førstestatsråd. Frå 1873 til unionsoppløysinga i 1905 heldt Noreg sin statsminister til i Kristiania, og den norske statsministeren i Stockholm vart hans representant og leiar for statsrådsavdelinga i Stockholm. Før 1873 var statsministeren i Kristiania kalla førstestatsråd.

I løpet av unionen med Sverige fanst det fleire embete med tittelen «statsminister»: Svensk statsminister, Norsk statsminister, Justitie-statsministern, Statsministern för utrikes ärendena og Norsk statsminister i Stockholm.

Norske statsministrar i Stockholm

endre
Periode Namn
18141822 Peder Anker
18221827 Mathias Sommerhielm
1827 Poul Christian Holst
18271828 Jørgen Herman Vogt
18281841 Severin Løvenskiold
18411858 Frederik Due
18581871 Georg Sibbern
18711884 Otto Richard Kierulf
1884 Wolfgang Wenzel Haffner
1884 Carl Otto Løvenskiold
18841888 Ole Richter
18881889 Jacob Stang
18891891 Gregers Gram
18911893 Otto Blehr
18931898 Gregers Gram
18981902 Otto Blehr
19021903 Ole Anton Qvam
19031905 Sigurd Ibsen
1905 Jørgen Løvland

Bakgrunnsstoff

endre