Opna hovudmenyen

Severin Løvenskiold (fødd 7. februar 1777 i Porsgrunn, død 15. september 1856 på Fossum i Gjerpen (noverande Skien kommune) i Telemark fylke)[1] var ein norsk verkseigar, embetsmann, kammerherre og politikar.

Severin Løvenskiold
Severin Løvenskiold.jpg
Severin Løvenskiold
Fødd7. februar 1777
Porsgrunn
Død15. september 1856 (79 år)
Fossum, Skien
Statsborgar avNoreg
YrkeGodseigar, embetsmann og politikar
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
FarSeverin Løvenskiold
BarnOtto Joachim Løvenskiold, Leopold Herman Severin Løvenskiold, Ernst Løvenskiold
VervStatsråd utan portefølje 28. november 1814–30. juni 1817
VervNoregs statsminister i Stockholm 10. juli 1828–26. februar 1841
FøregangarJørgen Herman Vogt
EtterfylgjarFrederik Due
VervStatthaldar i Noreg 27. februar 1841–9. august 1855 og fungerande statthaldar 10. august 1855–16. juni 1856
FøregangarNicolay Johan Krog
EtterfylgjarJørgen Herman Vogt

Utdanning og yrkeEndra

Løvenskiold var utdanna i bergvitskap i Tyskland og blei cand.jur. ved Københavns Universitet i 1796.[1] Han vart kammerjunker i 1796 og blei seinare tilsett i rentekammeret. Han blei assessor i kommercekollegiet i 1797 og i finanskollegiet i 1801, kor han var sekretær hos finansminister Ernst Heinrich von Schimmelmann. I 1802 kom han heim til Noreg for å ta over Fossum Jarnverk med den tilhøyrande herregarden etter faren.

 
Fossum Nordre, Fossum hovudgard fotografert i 1949. Bygninga er teikna av Christian Frederik Hansen og Johan Gottfried Böydler.
Foto: Halvor Vreim / Riksantikvaren
 
Adgangsteikn for Severin Løvenskiold til riksforsamlinga på Eidsvoll.

Han vart utnemnd til amtmann i Bratsbergs amt 1803, kammerherre i 1804, styrar av Larvik grevskap 1805-1811. Han tok avskjed som amtmann i 1813.[1]

Politisk verksemdEndra

Løvenskiold vart vald som fyrste representant frå Bratsbergs amt til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.[2] Her knytte han seg til unionspartiet.[3]

Etter at unionen mellom Sverige og Noreg var eit faktum, var han norsk forhandlar ved gjeldsoppgjeret med Danmark. Løvenskiold hadde dette ansvaret frå 1814 til 1817, med tittel av statsråd.

Han var statsminister ved den norske statsrådsavdelinga i Stockholm i Sverige frå 1828 til 1841. Frå 1841 til han døydde i 1856 var han statthaldar (rigsstatholder) i Noreg.[2] Etter Løvenskiold vart statthaldarembetet ståande ledig, til tittelen vart oppheva i 1873.

SlektEndra

Løvenskiold var ein del av ei rik adelsslekt i Noreg,[3] son av kammerherre Severin Løvenskiold til Fossum jarnverk og Benedicte Henrikka Aall. Mora var tante til Jørgen, Niels, Jacob[1] og Benedicte Henrikke Aall gift med Ulrich Fredrich von Cappelen. Severin Løvenskiold var bror til Niels Aall Løvenskiold, Frederik Løvenskiold («Fritz») og Frederikke Løvenskiold.

UtmerkingarEndra

Løvenskiold vart riddar av Serafimerordenen i 1829 og fekk storkrossen av St. Olavs Orden i 1847. I 1848 blei han riddar av Elefantordenen og i 1853 fekk han Borgardådsmedaljen i gull. Han var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1829 og æresmedlem av Kungliga Svenska Landtbruks-Akademien.[4]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Lindstøl, Tallak (1857-1925) (1914). «Løvenskiold, Severin». Stortinget og statsraadet: samt tillæg. D. 2 : Biografier L-Ø. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri.  Teksten « side 576-577» er ignorert (hjelp)
  2. 2,0 2,1 Biografisk informasjon om Severin Løvenskiold NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
  3. 3,0 3,1 «Severin Løvenskiold (1777-1856)». Eidsvoll 1814. Henta 10. mars 2015. 
  4. Tore Pryser. «Severin Løvenskiold». Norsk biografisk leksikon. Henta 10. mars 2015. 

BakgrunnsstoffEndra