Opna hovudmenyen

Otto Albert Blehr

norsk politikar
(Omdirigert frå Otto Blehr)

Otto Albert Blehr (fødd 17. februar 1847 i StangeHedmark, død 13. juli 1927 i Oslo) var ein norsk jurist og politikar. Han representerte det politiske partiet Venstre.[1] Blehr var gift med kvinnesakskvinna Randi Blehr.[1]

Otto Albert Blehr
Otto Albert Blehr (Sinding-Larsen).jpg
Fødd17. februar 1847
Stange
Død13. juli 1927
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, jurist
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
EktefelleRandi Blehr
BarnEivind Blehr

Blehr hadde ei rekkje politiske verv. Han var stortingsmann for Nordre Bergenhus amt frå 1883 til 1888, for Nordland frå 1895 til 1900. Frå 1891 til 1893 var han statsminister i den norske statsrådsavdelinga i Stockholm og norsk statsminister frå 21. april 1902 til 22. oktober 1903.[1] Siste statsministerperioden var frå 1921 til 1923.

Blehr var stiftamtmann i Kristiania frå 1905 til 1917 og norsk delegat i Folkeforbundet 1920 og frå 1922 til 1925.

Kongen utnemnte Blehr den 7. november 1898 til storkrossen av St. Olavs Orden.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Otto Blehr». Regjeringa.no. Henta 13. oktober 2014. 

BakgrunnsstoffEndra