Opna hovudmenyen

Stavang kyrkje

kyrkje i Flora kommune

Koordinatar: 61°32′6″N 5°10′50″E

Stavang kyrkje
kyrkje
Stavang kirke.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Flora
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Bru
Fellesråd Kinn
Type Langkyrkje
Arkitekt Ole Halvorsen
Teknikk Mur
Material Teglstein
Innvigd 16. juni 1957
Sitjeplassar 312
Wikimedia Commons: Stavang kirke

Stavang kyrkje står i Stavang i Flora kommune i Sogn og Fjordane og er ei mura langkyrkje frå 1957. Arkitekt for kyrkja var Ole Halvorsen.

Stavang kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Stavang kyrkje

Den noverande kyrkja erstatta ei trekyrkje frå 1873 som brann ned jola 1951. Gamlekyrkja var teikna av Christian Christie og likna mykje på Kyrkjebø kyrkje i Sogn.[1] Før 1873 hadde kyrkjestaden i soknet vore på Svanøy og der stod det fram til 1872 ei krosskyrkje i tre frå 1657. Før det att stod det ei stavkyrkje frå 1100-talet på staden. Kyrkja som stod på Svanøy heitte Bru kyrkje, og soknet heiter framleis Bru.[2] Fram til 1922 heitte det Svanøy.

Kyrkja ligg i Bru sokn i Sunnfjord prosti. Fram til avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg ho i Kinn prestegjeld.

KjelderEndra

  • Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra