Stavanger universitetssjukehus
58°57′9.9108″N 5°44′2.1084″E / 58.952753000°N 5.733919000°E
Stavanger universitetssjukehus (SUS),fram til 2005 Sentralsjukehuset i Rogaland, er eit av dei største sjukehusa i Noreg etter tal på opphald. Det har helseføretaket Helse Stavanger som eigar. Universitetssjukehuset har over 7 500 tilsette og dekkjer ein folkemasse på over 330 000 innbyggjarar.[1]
SUS utgjer eitt sjukehus lokalisert på Våland i Stavanger. Stavanger universitetssjukehus har også fem distriktspsykiatriske senter i Stavanger, Sola, Dalane, Sandnes og i Ryfylke. I tillegg er fleire avdelingar, poliklinikkar og ambulansestasjonar lokaliserte utanfor hovudsjukehuset på Våland.
Stavanger universitetssjukehus er organisert i klinikkar og stab- og støttefunksjonar: Kirurgisk klinikk, Klinikk A, Klinikk for hode, hals og rehabilitering, Klinikk for medisinsk service og ABK, Kvinne. og barneklinikken, Klinikk psykisk helsevern barn, unge og rusavhengige, Klinikk psykisk helsevern voksne, Mottaksklinikken, og Prehospital klinikk. Stab- og støttefunksjonene er Divisjon for driftsservice, Avdeling for fag, forskning og undervisning, Avdeling for personal- og organisasjonsutvikling, Avdeling for økonomi og finans, og Foretaksadministrasjonen.
SUS har ei rekkje samarbeidspartnerar, av dei Universitetet i Bergen om utdanning av medisinske studentar.
Kjelder
endre- Fotnotar
- ↑ «Stavanger universitetssjukehus – Helse Stavanger HF». helse-stavanger.no. Henta 29. mai 2018.