Stavangersk
Stavangersk eller stavangerdialekt er talemålet som vert bruka i Stavanger, og skil seg noko frå jærmålet i sør.
Grammatikk
endreSubstantiv
endreHankjønn
endreHovudregel:
Ein gutt - gutten - fleire guttår - alle guttene
Her lyt ein merka seg at skiljet mellom fleirtalsbøyinga på han- og hokjønnsord kan vera noko uklårt, sidan det etter kvart har vorte nokså vanleg å seia guttår. Å seia guttene er derimot noko uvanleg.
Hokjønn
endreHovudregel:
Ei jenta - jentå - fleire jentår - alle jentene
Ei dør - dørå - fleire dører - alle dørene
Inkjekjønn
endreHovudregel:
Ett hus - huse - fleire hus - alle huså
Ett eple - eple - fleire eplår - alle eplene(/eplå)
Verb
endreAlle verb har a-ending i infinitiv.
Svake verb
endreA-verb:
Å kasta - kaste - kasta - har kasta
Å snofla - snofle - snofla - har snofla (Å snofla = å snubla)
E-verb:
Å spela - spele - spelte - har spelt
Å prøva - prøve - prøvde/-te - har prøvd-/t
Det som i skriftspråk er kjend som J-verba er utsette for litt meir forvirring, mellom anna av di det ikkje finst j-ar i desse verba på stavangersk. Til dømes heiter det å spørra, tella og velga, og ikkje spørja, telja, velja.
Nå-verb:
Å nå - når - nådde - har nådd
Å spy - spyr - spydde - har spydd
Sterke verb
endreÅ slida - slide - sleid - har slede
Å kryba - krybe - krøyb - har krøbe
Å brekka – brekke – brakk – har brokke
Adjektiv
endreUbestemt form eintall:
Hankjønn: Ein fine hage
Hokjønn: Ei fine jenta
Inkjekjønn: Et fint hus
Bestemt form eintall - noko meir komplisert enn bokmål/nynorsk:
Hankjønn: Den fine hagen
Hokjønn: Den fina jentå
Inkjekjønn: Det fina huset
Fleirtall - alle kjønn har e-ending:
Ubestemt form: Fine hus
Bestemt form: De fine husene
Uttalen av "fine" i ubestemt form hankjønn og hokjønn eintal har eit anna tonelag enn bestemt form eintal og fleirtal. Dette skuldast at e-endinga opphavleg er ein svarabhaktivokal.
Pronomen
endrePersonlege pronomen
endreSubjektsformer:
Eintal: Eg, du, han, hu, det
Fleirtal: Me, dåkk(år), di
Objektsformer:
Eintal: Meg, deg, seg, han, henna/na, det
Fleirtal: Oss, dåkk(år), seg, di
Eigedomspronomen
endrehankjønn eintal | hokjønn eintal | inkjekjønn eintal | fleirtal | nynorsk | |
---|---|---|---|---|---|
1. person eintal | min | mi | mitt | mine | min |
2. person eintal | din | di | ditt | dine | din |
3. person eintal hankjønn | hans | hans | |||
3. person eintal hokjønn | hennas | hennar | |||
1. person fleirtal | vår | vår | vårt | våre | vår |
2. person fleirtal | dåkkårs, dokks | dykkar, dokkar | |||
3. person fleirtal | diras, dies | deira | |||
3. person refleksiv | sin | si | sitt | sine | sin |
Spørjeord
endreNynorsk - stavangersk
Kva - ka
Kvar/kor - kor
Kven - kem/kenn
Korfor/kvifor - koffår/kaffår
Korleis - koss/kossen
Andre sermerke
endre- Blaute konsonantar (p, t, k -> b, d, g i inn- og utljod)
- Skarre-r
- Æ-ljoden vert vanlegvis bytt med ein lang e-ljod (sær -> ser, hæl -> hel, bær -> ber)
- Spørsmålsformuleringar til ja/nei-spørsmål byrjar som regel med ordet om (Om du vett ka klåkkå e? Om eg kan få is?).
Sosiolekt
endreEin sosiolekt av stavangersk er kalla for finstavangersk eller Egenesisk. I denne sosiolekten vert språket lagt om i retning av dansk språk. Døme er Egenes i staden for Eiganes, ikke i staden for ikkje, je i staden for eg, frem i staden for fram, sne i staden for snø, gottene i staden for guttane, hytten i staden for hyttå. Denne varianten er særleg erobra i Eiganes-området. Den vert og brukt i andre område for å skilla seg ut frå den proletariserte del av befolkninga i Stavanger og omegn.