Stedjesteinen er ein runestein som står ved Stedje kyrkje i Sogndal kommune i Sogn og Fjordane.

Steinen er nemnd første gong i 1626, i eit brev frå soknepresten Niels Paaske. Han stod då antakeleg på høgda nord for kyrkja. Ein gong etter det skal han ha vorte teke ned og brukt i grunnmuren på eit hus i nærleiken. I 1837 rapporterte Wilhelm F.K. Christie at grunneigaren, sorenskrivar Knagenhjelm, hadde teke steinen fram att og flytta han opp til den opphavlege plassen ved kyrkja. I 1859 vart han flytt til frukthagen ved Nedre Stedje. Foreningen til norske Fortidsmindesmærkers Bevaring oppmoda til eigaren å flytta steinen attende, noko som etter kvart vart gjort i 1877. Dette året gjorde Bendix E.R. Bendixen ei grundig undersøking av innskrifta:

olafrkununkrskautmilistæinaþe(s)a

På norrønt vert det: Ólafr konungr skaut milli steina þessa.

På moderne norsk vert det: «Kong Olav skaut mellom desse steinane».

Skadeverk endre

Vinteren 2012 vart steinen skadd under snøbrøyting. Sogndal kommune vart ilagd bot, og måtte kosta på restaurering av steinen og vernebygg.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre