Steershead Crevasses
Steershead Crevasses er eit stort omroåde med bresprekkar som ligg 110 km sør for Roosevelt Island aust i Rossisen. Konturen av bresprekkane minnar om eit svært ror (steer's head på engelsk). Dette er eit unikt landemerke når ein flyg i ei direktelinje mellom McMurdo-basen og Byrd-stasjonen og pilotar frå U.S. Navy nytta ofte «roret» som eit navigasjonspunkt. Dette merka Kenneth Bertrand og Fred Alberts på ein flytur i november 1962 frå McMurdo til Byrd. Etter forslaget deira vart namnet Steershead Crevasses godkjend av U.S. Advisory Committee on Antarctic Names.
Steershead Crevasses | |||
bresprekkfelt | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 81°10′S 164°0′W / 81.167°S 164.000°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Steershead Crevasses 81°10′00″S 164°00′00″W / 81.1667°S 164°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Steershead Crevasses» (innhald frå Geographic Names Information System).