Byrd-stasjonen
Byrd-stasjonen var ein stasjon i Antarktis oppretta av USA under Det internasjonale geofysiske året av U.S. Navy under Operasjon Deep Freeze II i Vest-Antarktis.[1] Eit tog av beltevogner kryssa isen frå Little America V seint i 1956 for å opprette stasjonen. Kolonnen vart leia av Merle Dawson og reisa gjekk over 1040 km over uutforska terreng i Marie Byrd Land til ein stad som var vald ut på førehand. Stasjonen bestod av eit sett av fire prefabrikerte bygningar og vart reist på mindre enn ein månad.[2] Han vart bestilt den 1. januar 1957. Den originale stasjonen («Old Byrd») varte kring fire år før han byrja å kollapse under snøen. Bygginga av ein ny undergrunnsstasjon i nærleiken byrja i 1960 og var i bruk til 1972. Stasjonen vart så omgjort til ein sommarleir fram til han vart forlaten i 2004-05.[1]
Byrd-stasjonen | |||
stasjon | |||
Sledar dradd av beltevogner eller hundar vart nytta som transport mellom leirane
McMurdo-basen til høgre i bakgrunnen (kring 1960). | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Marie Byrd Land | ||
• høgd | 1 553 moh. | ||
- koordinatar | 80°01′S 119°32′W / 80.017°S 119.533°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Byrd-stasjonen 80°01′00″S 119°31′59″W / 80.0167°S 119.533°W | |||
Wikimedia Commons: Byrd Field Camp |
John P. Turtle, ein polarlysforskar ved Byrd-stasjonen i 1962, gav namnet sitt til Turtle Peak.
National Science Foundation, som styrer U.S. Antarctic Program (USAP), hadde planar i juni 2009 om å bygge ein ny leir for å drive forskingsprosjekt i Vest-Antarktis, inkludert arbeid ved Pine Island-breen. Leiren, kring 1400 kilometer frå hovudanlegget til USAP, McMurdo-basen, skal kunne ta 50 personar og vil i hovudsak vere ein «oppstasa» bensinstasjon for luftturar i området. Ein annan leir nær Pine Island-breen, for eit prosjekt leia av NASA-forskaren Robert Bindschadler, er òg planlagt. Anlegget skal assistere helikopteroperasjonar til isbremmen.[3][4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Byrd-stasjonen» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «The Antarctic Sun: Byrd History, June 12, 2009». The Antarctic Sun.
- ↑ Frazier, P.W., 1957, Across the Frozen Desert to Byrd Statoin: National Geographic Magazine, v. CXII, s. 383-398.
- ↑ «The Antarctic Sun: Byrd Camp Resurfaces, June 12, 2009». The Antarctic Sun.
- ↑ «The Antarctic Sun: Going to the Edge, November 22, 2007». The Antarctic Sun.
Bakgrunnsstoff
endre- The Antarctic Sun (Nettavis for U.S. Antarctic Program)
- COMNAP Arkivert 2008-04-24 ved Wayback Machine.