Stefan Kuntz
Stefan Kuntz (fødd 30. oktober 1962) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Neunkirchen i Saarland som vart europameister med Tyskland i 1996. Angrepsspelaren var med vinne både ein cuppokal og ein ligameisterpokal med FC Kaiserslautern.
Stefan Kuntz i 2018 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Stefan Kuntz | ||
Fødd | 30. oktober 1962 (62 år) | ||
Fødestad | Neunkirchen i Vest-Tyskland | ||
Høgd | 180 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Tyskland U-21 (trenar) | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1980-1983 | Borussia Neunkirchen | 89 | (20) |
1983-1986 | Bochum | 100 | (41) |
1986-1989 | Bayer Uerdingen | 94 | (32) |
1989-1995 | Kaiserslautern | 170 | (75) |
1995-1996 | Beşiktaş | 30 | (9) |
1996-1998 | Arminia Bielefeld | 65 | (26) |
1998-1999 | Bochum | 20 | (6) |
2002-2003 | SV Furpach | 22 | (22) |
2003-2004 | FC Palatia Limbach | 10 | (1) |
Totalt | 600 | (239) | |
Landslag | |||
1993-1997 | Tyskland | 25 | (7) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Klubbspel
endreKuntz fekk proffkontrakt med VfL Bochum i 1983 og spelte for klubben til 1986, då han vart toppskårar i bundesligaen. Dei neste tre sesongane gjorde han teneste i Bayer Ürdingen. Sommaren 1989 vart han overført til FC Kaiserslautern. I mai 1990 skåra han det tredje målet då Kaiserslautern på Olympiastadion i Berlin vann den vesttyske cupfinalen med 3-2 over Werder Bremen. Året etter var han ein sentral spelar då laget hans vann bundesligaen, han vart då også kåra til årets spelar i Tyskland. Sesongen 1993/94 var Kuntz toppskårar i den tyske serien for andre gong. Perioden 1995-99 var Kuntz aktiv ein sesong i tyrkiske Beşiktaş, to sesongar i Arminia Bielefeld, før han i 1998/99 avslutta profflivet der han byrja, i VfL Bochum.
Landslagsspel
endreFyrst 31 år gammal fekk Kuntz sin debut på det tyske landslaget, han skåra då det andre målet i ein landskamp mot USA i Palo Alto, ein kamp der Tyskland sigra 3-0. Han var med i VM-troppa 1994, ein meisterskap han måtte nøye seg med å vere innbytar i ein kamp. Under Fotball-EM 1996 i England var han med i alle kampane. I semifinalen mot vertslandet utlikna han til 1-1, noko som også var stillinga etter ekstraomgangane. Han skåra også på si straffe då Tyskland vann straffeskytinga. Kuntz spelte heile EM-finalen mot Tsjekkia, ein kamp som innbytaren Oliver Bierhoff avgjorde på «golden goal». Fram til oktober 1997 deltok Kuntz i 25 landskampar og skåra seks mål.
Merittar
endre- Europameister: 1996 for Tyskland
- Vesttysk cupmeister: 1990 med FC Kaiserslautern
- Tysk seriemeister: 1991 med FC Kaiserslautern
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stefan Kuntz» frå Wikipedia på tysk, den 28. august 2018.