Opna hovudmenyen

Steinar Aase

norsk fotballspelar

Steinar Aase (fødd 15. april 1955) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Bergen. I tida 1973-85 spelte han midtspiss på SK Brann og ei tid i IK Start. Frå 1976 til -78 deltok han i seks av Noregs landskampar i perioden, utan å kome på skåringslista.

Steinar Aase
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. april 1955
Bergen
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Aase debuterte for Brann i 1973. I 1976 var han med på lagets cupsiger over overraskingslaget Sogndal IL, to år seinare var han med då Brann tapte cupfinalen mot Lillestrøm SK. Sesongane 1980-83 spelte han for IK Start i Kristiansand, der han i sin fyrste sesong vart seriemeister etter ei spanande avslutning av sesongen. Aase melde seg innatt i Brann i 1984 og var med på opprykket til toppserien i same sesongen. Han la opp i 1985.

MerittarEndra

  • Norsk meister: 1976 med SK Brann
  • Seriemeister: 1980 med IK Start
  • Tapande cupfinalist: 1978 med SK Brann

KjelderEndra