Sogndal Fotball

(Omdirigert frå Sogndal IL)

Sogndal Idrettslag Fotball er ein norsk fotballklubb med base i Sogndal. Klubben spelar i OBOS-ligaen (2020). Noverande hovudtrenar er Tore André Flo.

Sogndal Fotball
Fullt namnSogndal Fotball
KallenamnSaftkokaradn
Kort namnSogndal
Grunnlagd19. februar 1926
HeimebaneFosshaugane Campus
(kapasitet: 5523 (5300 sete))
StyreleiarJan Rune Årøy
HovudtrenarTore André Flo
LigaOBOS-ligaen
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong
Kurt Mørkøre frå Færøyane. Tidlegare toppscorar for Sogndal.

Fotballklubben er medlem av det såkalla allianseidrettslaget Sogndal Idrettslag, som vart stifta 19. februar 1926. Sogndal vart landskjent då laget spelte seg fram til NM i fotball for menn i 1976. Etter 1981-sesongen var klubben for fyrste gong klar for opprykk til 1. divisjon. I perioden 1982-2004 spelte Sogndal til saman tolv sesongar i norsk toppserie.

Spelarstall

endre

Endra 19. august 2020[1]

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1   K Renze Fij , målvakt
21   K Geir Stenehjem , målvakt
37   K Håvard Hetle , målvakt
2   F Tomas Olai Totland , forsvar
3   F Per-Magnus Steiring
4   F Martin Ove Roseth
5   F Daniel Eid
6   F Axel Kryger
16   F Eirik Lereng
22   F Eivind Helgesen
27   F Adrian Nicolai Anhanger Solberg
30   F Igoh Ogbu
7   MB Sivert Heggheim Mannsverk , midtbane
8   MB Tomas Kristoffersen
Nr. Posisjon Spelar
17   MB Mathias Blårud
19   MB Tobias Bjørnebye
23   MB Anders Johannessen Nord
24   MB Sixten Dalen Jensen
25   MB Alioune Ndour
28   A Mathias Sundberg
  A Filip Mardal , angrep.
9   A Endre Kupen
10   A Akor Jerome Adams
11   A Andreas Hoven
18   A Kristoffer Hoven
20   A Markus Dahlen Brændsrød

Historie

endre

Fram til 1964 spelte fotballaget Sogndal i krins- og fylkesseriar i Sogn og Fjordane. Hausten 1964 rykte Sogndal opp frå 4. divisjon, og fekk plass i 3. divisjon avdeling Vestland B, som omfatta lag frå Hordaland med Bergen, samt Sogn og Fjordane.

  • 1965-72: 3. divisjon. År 1968 kom laget seg for fyrste gong til tredje runde av noregsmeisterskapen. I 1972 vann Sogndal avdelinga si, Vestland B, etter jamn tevling med fire andre lag. Klubben rykte opp i 2. divisjon etter kvalifiseringskampar mot Vigrestad, vinnaren av Vestland A-avdelinga.
  • 1973: Laget hamna på ein tiande og sisteplass 2. divisjon B, fekk einast ni poeng.
  • 1974-76: Sogndal vann i 1975 3. divisjonsavdelinga med suveren margin, 30 poeng mot toaren sine 20 poeng. Men i kvalfiseringa tapte laget mot Stavanger Idrettsforening. Året etter, 1976, var sigersmargin endå større, 33 poeng mot 22. I kvalifiseringa for 2. divisjon møtte laget Vigrestad, og som i 1972 vart det siger og opprykk. Same året spelte Sogndal seg fram til cupfinalen i noregsmeisterskapen. På Ullevål tapte Sogndal 1-2 mot Brann.
  • 1977-81: 2. divisjon. Sogndal plasserte alle desse sesongane seg på øvste halvdelen av serietabellen. I 1981 vann klubben B-avdelinga to poeng føre Molde Fotballklubb og rykte opp i 1. divisjon for aller fyrste gong.
  • 1982: 1 divisjon. Nedrykk etter at laget hamna på 11. og nest siste plass med 16 poeng, same poengsummen som botnlaget Molde.
  • 1983-87: 2. divisjon. I 1987 vann Sogndal avdeling A med 49 poeng, trepoengsregelen var innført, fem poeng føre Djerv 1919, som også rykte opp.
  • 1988-89: I 1988 spelte Sogndal i den øvste divisjon for andre gong, med 31 poeng hamna klubben på 6. plass, den beste serieplasseringa nokon gong. Året vart det 11. plass og nedrykk med klar margin.
  • 1990: 2. divisjon: Rykte opp att til 1. divisjon etter å ha vunne A-avdelinga med fire poengs margin.
  • 1991-92: 1. divisjon/Tippeligaen. I 1991 hamna Sogndal på 9. plass, medan laget året etter kom på 11. plass, og rykte ned grunna dårlegare målforskjell enn Hamarkameratene. Laget rykte då ned til Divisjon 1, den tidlegare 2. divisjon, ettersom 1. divisjon frå 1992 heitte Tippeligaen.
  • 1993: Vinnar av B-avdelinga i Divisjon 1 (2. nivå) med 47 poeng.
  • 1994: 11. og nest siste plass i Tippeligaen, rykte ned grunna dårlegare målforskjell enn Bodø/Glimt.
  • 1995-96: Divisjon 1 (2. nivå). Både i 1995 og -96 hamna Sogndal på 2. plass i sine respektive avdelingar. I 1995 tapte laget sluttspelkampen mot Strømsgodset, året etter vann det over Odd i tilsvarande kamp.
  • 1997-98: Tippeligaen. Nr 11 av 14 lag i 1997 med 29 poeng, desidert sist med 16 poeng året etter.
  • 1999-2000: Divisjon 1 (2. nivå). I 2000 vart Sogdal nr 3 i serien og var klare for kvalifiseringskampar om spel i Tippeligaen. Der møtte laget Vålerenga, som hadde hamna på tredje siste plass i Tippeligaen. Etter ein dramatisk slutt i andre kampen, Tommy Øren skåra like før slutt, erobra Sogndal plass i Tippeligaen.
  • 2001-04: Tippeligaen. Sogndal oppnådde desse fire sesongane høvesvis 8., 11., 8., og 14. plass i serien.
  • 2005-10: Divisjon 1 (2. nivå). Vinnar av divisjonen i 2010 med 56 poeng etter 28 kampar.
  • 2011: Tippeligaen. Nr 14 og nr 12 i dei to fyrste sesongane, begge gongane med 34 poeng.

Spelarstall 2014

endre
Oppdatert 31. mai 2014[2]

Merknad: Flagg indikerer landslaget spelaren kan spele for. Spelaren kan ha fleire nasjonalitetar.

Nr. Posisjon Spelar
1   MV Mathias Dyngeland
2   FS Taijo Teniste
3   FS Bjørn Inge Utvik
4   FS Hannu Patronen
5   FS Logi Valgardsson
6   MS Helge Haugen
7   MS Rune Bolseth
8   AS Ulrik Flo
9   AS Azar Karadas
10   MS Ørjan Hopen
11   AS Martin Trøen
15   MS Petter Strand
Nr. Posisjon Spelar
17   FS Gustav Valsvik
18   AS Mahatma Otoo
20   AS Kristian Fardal Opseth
21   MV Leif Kvamme Lysne
22   MS Tim Andre Nilsen
23   AS Tonny Brochmann
24   FS Erik Bergum Skaasheim
25   MS Ruben Holsæter
26   MV Erik Dahlin
27   AS Kristoffer Stephensen
33   MS Runar Heggestad

Spelarstall 2017

endre

[3] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1   K Mathias Dyngeland
2   F Taijo Teniste
3   F Bjrøn Inge Utvik
4   MB Chidiebere Nwakali
5   F Victor Grodås
6   MB Henrik Furebotn
7   MB Eirik Schulze
8   A Fredrik Flo
10   A Gilbert Koomson
11   A Martin Ramsland
12   K Tarjei Aase Omenås
14   F Ole Martin Rindarøy
15   F Per Magnus Steiring
16   F Walid Atta
16   F Reiss James Greenidge
17   F Christophe Psychè
18   A Bendik Bye
19   MB Ole Amund Sveen
20   A Markus Dahlen Brændsrød
Nr. Posisjon Spelar
21   K Kristian Rutlin
22   MB Lars Christian Kjemhus
23   MB Edin Øy
24   F Eirik Bergum Skaasheim
25   A Kasper Nissen
27   MB Eirik Birkelund
28   MB Johan Hove
29   F Tomas Olai Totland
30   F Kristinn Jònsson
30   MB Joachim Soltvedt
31   F Ulrik Fredriksen
34   MB Simen Brekkhus
35   F Eivind Helgesen
37   F Espen Næss Lund
39   MB Mohamed Didé Fofana
40   F Even Hovland
41   F Kjetil Wæhler
77   MB Staniša Mandić

Spelarstall 2018

endre

Oppdatert 3. mai 2018. [4] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1   K Mathias Dyngeland
2   F Akeem Latifu
3   F Per-Magnus Steiring
4   F Kjetil Wæhler
5   F Victor Grodås
6   MB Henrik Furebotn
7   MB Eirik Schulze
8   MB Eirik Birkelund
9   A Ulrik Flo
10   MB Staniša Mandić
11   A Martin Ramsland
12   K Christian Kjetil Haug
14   F Ole Martin Rindarøy
16   F Reiss James Greenidge
Nr. Posisjon Spelar
17   MB Mohamed Didé Fofana
18   A Sigurd Hauso Haugen
19   MB Ole Amund Sveen
20   A Markus Dahlen Brændsrød
21   K Kristian Rutlin
22   MB Lars Christian Kjemhus
23   MB Edin Øy
24   MB Sixten Dalen Jensen
25   A Kasper Nissen
28   MB Johan Hove
29   F Tomas Olai Totland
30   MB Joachim Soltvedt
31   F Ulrik Fredriksen
34   F Eivind Helgesen

Spelarar

endre

Eirik Bakke, Frode Grodås, Jostein Flo, Håvard Flo, Tore André Flo, Lasse Opseth, Anders Stadheim, Tommy Øren, Rune Buer Johansen, Terje Skjeldestad, Alexander Ødegaard og Even Hovland er Sogndal-spelarar som er registrert med éin eller fleire kampar på det norske A-landslaget i fotball.

Også trenarar frå Sogndal har vore i viktige i norsk fotball. Tidlegare spelar Ingvar Stadheim, far til Anders Stadheim, var trenar for landslaget frå 1988-1990. Harald Aabrekk har vore assisterande landslagssjef og vore trenar for U21-landslaget.

Svein Bakke har scora flest mål for Sogndal, 321 mål på 513 kampar. Asle Hillestad har med 611 innhopp flest spelte kampar, like bak kjem Knut Christiansen med 608 kampar (257 mål).

Sogndal-trenarar

endre
Trenarar Periode Trenarar Periode
Torbjørn Glomnes (2000-2002) Trond Fylling (2005)
Jan Halvor Halvorsen (2003-2004) Stig Nord (2006)
Karl Oskar Emberland (2006-2009) Harald Aabrekk (2009-2011)
Jonas Olsson (2012-2014) Eirik Bakke (2015-)

Kjelder

endre
  1. Førstelaget spelarar
  2. «Spelarstall». Sogndal Fotball. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 8. mai 2013. 
  3. Førstelaget spelarar
  4. Førstelaget spelarar

Bakgrunnsstoff

endre