Steiner Kvalø
Steiner Arvid Kvalø (29. juli 1922–18. mai 2015) var ein norsk fiskeskipper, politikar og motstandsmann frå Vikna i Nord-Trøndelag. Han representerte Nord-Trøndelag og Arbeidarpartiet på Stortinget 1973–77.
Steiner Kvalø | |||
Fødd | 29. juli 1922 Vikna | ||
---|---|---|---|
Død | 18. mai 2015 (92 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, fiskar, motstandskjempar | ||
Alle verv |
|
Liv og virke
endreKvalø voks opp på Kvaløya i Vikna. I 1941 var han med å danne ei lokal Milorg-avdeling som tok imot våpen, mat og klede frå Storbritannia. Ved 70-årsjubileet for frigjeringa, få dagar før han døydde, tok han imot regjeringas minnemedalje for sin motstandskamp.
Kvalø byrja fiske straks etter fullført folkeskule, då han og faren kjøpte ein bindalsbåt med påhengsmotor. Seinare var han skipper på eigne farty. Den 106 fot lange ringnotsnurparen «Viknabuen» var den største.
Heimstaden Kvaløya vart fråflytta like etter 1945. Steiner Kvalø bygde frå 1948 hus og heim i Rørvik. Han melde seg inn i Arbeidarpartiet i 1939 og var medlem i Vikna kommunestyre 1956–71, 1980–83 og 1992–95. Frå 1965 til 1978 var medlem i Arbeidarpartiet sitt fiskeripolitiske utval. Kvalø var vald til vararepresentant til Stortinget 1969–81. Heile perioden 1973–77 møtte han som fast medlem, ettersom Johan Støa døydde like etter valet. På Tinget hadde han sete i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Gjennom åra hadde Kvalø ei rekke tillitsverv innom fiskeria, mellom anna var han styremedlem i Norges Råfisklag i 31 år.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Steiner Kvalø» frå Wikipedia på bokmål, den 20. april 2024.