Norges Råfisklag

Norges Råfisklag er eit salssamvirke som arbeider for stabile prisar innan førstehandsomsettinga av fisk.

Norges Råfisklag vert eigd av fiskarane gjennom fylkeslaga i Norges Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund, Fiskebåtredernes Forbund og Norges Kystfiskarlag. Råfisklaget har hovudkontor i Fiskernes Hus ved torget i Tromsø sentrum, og har regionkontor i Svolvær og Kristiansund.

Fram til 1930-talet var ferskfiskomsettinga prega av tilbod og etterspørsel. Handelen foregjekk mykje på kjøparen sine vilkår. Pris til fiskar var svingande, og ofte låg. Det var i Finnmark at problema var størst. Fleire, mellom anna fiskeriinspektør og fiskeridirektør, såg at noko måtte gjerast. Det vart nedsett komitear, både av Norges Fiskarlag, Råfiskkomiteen og Handelsdepartementet, Lønnsomhetskomiteen, som fiskeria sorterte under på 1930-talet. Den endelege innstillinga frå Lønnsomhetskomiteen i februar 1937, vart etter kvart grunnlag for Råfisklova.

Før ei lov kunne kome på plass, vart det gjort freistnad på minsteprissamarbeid mellom fiskar og kjøpar. Det lukkast ikkje. Mange tilreisande oppkjøparar heldt fram med å presse prisane ned. 1. juni 1938 vedtok Stortinget «Midlertidig lov om omsetning av råfisk». Norges Råfisklag vart konstituert i november same året, og vart gitt vern av lova 6. januar 1939. Råfisklaget skulle dekke kysten frå Sogn og Fjordane til Finnmark. Eggafiskernes Salslag var skipa i 1932. Det gjorde at Sunnmøre og Romsdal alt hadde ein salsorganisasjon, og denne kyststrekningen vart ikkje med i Råfisklaget. Etter det har Råfisklaget dekt kysten frå og med Nordmøre, og til og med Finnmark.

Like etter krigen vart Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag, og Sogn og Fjordane Fiskesalslag skipa. Dei fekk vern etter Råfisklova.

KjelderEndra

  • Pål Christensen og Abraham Hallenstvedt: I kamp om havets verdier. Norges Fiskarlags historie. Norges Fiskarlag 2005