Stella

kvinnenamn

Stella er det latinske og italienske ordet for 'stjerne' og er kjent som kvinnenamn sidan 1700-talet. Det kan også vera eit etternamn.

Stella Mwangi under Melodi Grand Prix 2011.
Foto: Ernst Vikne

Variantar av namnet er Estelle (fransk), Estela (portugiesisk) og Estrella (spansk). Stellan og Stellian er mannlege former.

Bruk endre

 
Madonna della Stella i Pazzano.

Namnet blei lagt inn i den svenske almanakken i 1901, der det fekk namnedag den 15. august og erstatta Vårfrudagen, feiringa av himmelfarten til Jomfru Maria.

Stella er eit stadnamn i Italia, der det finst ein kommune kalla Stella i Liguria og eit Stella-fjell i Pazzano i Reggio Calabria. Fjellet har ein heilagdom, L'Eremo di Santa Maria della Stella eller Santuario di Monte Stella.

Kultur endre

Ordet 'stella' er kjend frå kyrkjemusikk, som i vesperen «Ave maris stella», 'helser havstjerna', som er tileigna Jomfru Maria.

Namnet blei brukt i tragedien Stella (1775) av Goethe og i fleire dikt av Henrik Wergeland på 1800-talet.

Stella Kowalski er ein viktig person i skodespelet A Streetcar Named Desire (En sporvogn til begjær) av Tennessee Williams, der utropet «Stella!» er ei kjend line.

Kjende namneberarar endre

 
Sjølvportrett av Jacques Stella.

Etternamn endre

Kjelder endre