Stereologi
Stereologi er matematiske, statistiske og måletekniske metodar for omrekning av målingar utført i éin eller to dimensjonar til kvantitative utrekningar av tredimensjonale tilhøve.
Metodane kan til dømes nyttast til å rekne ut arealet av cellemembran eller volumdelen av ein særskild celletype i ein organisk vevsprøve basert på observasjonar av eit mikroskopisk snitt. På same måte kan ein rekne ut til dømes krystalittar i mineral, korn i metall eller gassblærer i lava eller lettbetong.
Kjelder
endre- stereologi. (2012-02-15) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/stereologi