Steve Cherundolo

amerikansk fotballspelar

Steven Cherundolo (fødd 19. februar 1979 Rockford i Illinois) er ein amerikansk fotballspelar som HAR spela i forsvar for Hannover 96 i tysk Bundesliga, og for det amerikanske landslaget. Han har spelt heile den profesjonelle karrieren sin for Hannover, fram til 2002 i 2. Bundesliga og sidan i 1. Bundesliga. Han debuterte for A-landslaget 8. september 1999 i ein kamp mot Jamaica. Han var med i troppen til fotball-VM både i 2002, 2006 og 2010. Han var med på å vinna CONCACAF Gold Cup med USA i 2005.

Steve Cherundolo
Steve Cerundolo 2011.jpg
Personleg informasjon
Fødd 19. februar 1979
Fødestad Rockford
Høgd 168 cm
Posisjon Høgreback
Klubbinformasjon
Noverande lag
Hannover 96
Nummer 6
Ungdomsklubbar
1997-98 USA Portland Pilots
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999- Tyskland Hannover 96 290 (7)
Landslag
1999- USA USA 62 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. juni 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 18. juni 2010