Steven John Kilbey (fødd 13. september 1954) er ein songar, låtskrivar og bassgitarist for The Church, eit australsk rockeband. Han er òg musikkprodusent, diktar og målar.[1]

Steve Kilbey

Steve Kilbey
Fødd13. september 1954 (69 år)
FødestadWelwyn Garden City
FødenamnSteven John Kilbey
OpphavWelwyn Garden City i England
Aktiv1971 til i dag
SjangerAlternativ rock, post-punk, dream pop
InstrumentBassgitar
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarThe Church
Jack Frost
Isidore
PlateselskapEnigma, Rykodisc, Rough Trade, Vicious Sloth
Verka somSongar/låtskrivar, bassgitarist, musikkprodusent, diktar, målar
BornElektra Jansson-Kilbey

Kilbey starta å spele i band 17 år gammal, då han vart med i eit «kabaretband». Han vart så med i Precious Little, i lag med framtidig Church-medlem Peter Koppes på trommer. Kilbey spelte så i Baby Grande, kring 1978 då han budde i Canberra. Kort tid etter skipa han The Church i lag med Koppes, Nick Ward, og Marty Willson-Piper.[1] Etter noko suksess i Australia tidleg i 1980-åra, vart Kilbey og The Church internasjonalt kjende med «Under the Milky Way» frå 1988.

Kilbey har gjeve ut seks soloalbum og samarbeidd som låtskrivar og/eller produsent for Grant McLennan (frå The Go-Betweens), Stephen Cummings og Kev Carmody. Han gav ut boka Earthed i 1986, som kom i lag med eit album med same namn med instrumental elektronisk musikk. Diktsamlinga hans Nineveh/The Ephemeron, kom i 1998.

Diskografi endre

Album endre

  • Unearthed (1986)
  • Earthed (1987)
  • The Slow Crack (1989)
  • Remindlessness (1990)
  • Narcosis EP (1991)
  • Narcosis + (1997)
  • Dabble (2001)
  • Painkiller (2008)

[2]

Samlingar endre

  • Acoustic & Intimate (2000)
  • Freaky Conclusions (2003)
  • Artifacts (2006)
  • The Bedroom Demos (2010) - mp3-samling gjeven bort i lag med samleboksen «Monsters n Mirages».

Samarbeid endre

Hex (med Donnette Thayer frå Game Theory)

  • Hex (1989)
  • Vast Halos (1990)

Curious (Yellow) (med Karin Jansson)

  • Taken By Surprise (1990)
  • Charms and Blues (1990)
  • Love Itself (1991) - Single.

Jack Frost (med Grant McLennan frå The Go-Betweens):

  • Jack Frost (1991)
  • Snow Job (1996)

Fake (med Sandy Chick):

  • Fake (1994)

Into The Sun (med Penny Flanagan)

  • Light Sleeper (1998)

Isidore (med Jeffrey Cain frå Remy Zero)

  • Isidore (2004)

Gilt Trip (med broren Russell Kilbey)

  • Gilt Trip (1997)
  • Egyptian Register (2005)

Mimesis (med Simon Polinski)

  • Art Imitating Life (2007)

Steve Kilbey & Martin Kennedy

  • Unseen Music, Unheard Words (2009)
  • Instrumental & Ambient Mixes (2009)
  • Live at the Toff in Town (2010) - berre mp3
  • White Magic (2011)

David Neil (Steve Kilbey og Ricky Maymi)

  • The Wilderness Years (2011)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 :: thechurchband.com :: the church - official web site ::, arkivert frå originalen 14. februar 2010, henta 13. desember 2011 
  2. Steve Kilbey : Discography : Rolling Stone, arkivert frå originalen 7. juni 2008, henta 13. desember 2011 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Steve Kilbey