Canberra

Canberra
Horisonten til Canberra
Styresmakter
Land Australia
Grunnlagd 1913
Geografi
Flatevidd
 - By

814,2 km²
Innbyggjarar
 - By (2009)
   - folketettleik

351.868
  482.6/km²
Koordinatar 35°18′29″S 149°07′28″EKoordinatar: 35°18′29″S 149°07′28″E
Tidssone UTC +10 (UTC10)
Plassering
Plassering av Canberra

Canberra er hovudstaden i Australia. Byen har om lag 352 000 innbyggjarar (2009) og er den sjuande største i landet. Han ligg i det føderale området Australian Capital Territory (ACT), midt mellom storbyane Sydney og Melbourne.

Canberra blei grunnlagd ved byrjinga av 1900-talet, då Australia blei samla til eitt land. Han er den einaste større byen i landet som ikkje ligg ved kysten, og har difor hatt mindre industri- og handelsutvikling enn andre byar.

GeografiEndra

 
Området kring Canberra frå satelitt

Canberra har ei flatevidd på 814,3 km²[1] og ligg tett ved Brindabella Ranges, kring 150 km frå austkysten av Australia. Størstedelen av byen ligg 580 meter over havet. Det høgaste punktet er Mount Majura på 888 meter.[2][3] Andre høgdepunkt er Mount Taylor (855 meter),[4] Mount Ainslie (843 meter),[5] Mount Mugga Mugga (812 meter)[6] og Black Mountain (812 meter).[7][8]

Det opphavlege skogdekket i området kring Canberra var nesten berre eukalyptus. I byrjinga av 1960-åra blei den ophavlege skogen fella. Skokbruk hadde teke til i 1915, då ein byrja prøva ulike treslag, som Monterey-furu (Pinus radiata) i skråningane av Mount Stromlo. Sidan då har ein utvida planteområda. Skogdekket bidreg til å redusera erosjon i området, og skogane er også populære stader å vitja.[9]

Canberra har eit relativt tørt temperert klima.[10]

Byen er verna i vest av Brindabellas, som skjermar han for mykje regn.[10] Canberra har gjennomsnittleg 100,4 solskinsdagar i året.[11]

KommunikasjonEndra

Byen har ein internasjonal flyplass, Canberra International Airport.

 
Parlamentet i Canberra.

AmbassadarEndra

Utanlandske ambassadar i Australia ligg hovudsakleg i canberraforstadene Yarralumla, Deakin og O'Malley. Ambassadeområdet i Yarralumla er ein turistattraksjon fordi mange av bygga er laga i stilar frå landa dei representerer.

UniversitetEndra

Canberra har to universitet, Australian National University og Canberra University, to religiøse høgskolar og fleire militærhøgskular.

KjelderEndra

  1. «Planning Data Statistics». ACT Planning & Land Authority. 21. juli 2009. Arkivert frå originalen 2. august 2008. Henta 13. maj 2010. 
  2. «Lady luck or lucky lady?». The Queanbeyan Age. 19. juli 2002. Arkivert frå originalen 3. marts 2012. 
  3. «Canberra Nature Park: Mt Majura Nature Reserve» (PDF). ACT Government Territory and Municipal Services. 2004. Arkivert frå originalen (PDF) 26. marts 2012. Henta 13. maj 2010. 
  4. «Canberra Nature Park: Mt Taylor Nature Reserve» (PDF). ACT Government Territory and Municipal Services. 2004. Arkivert frå originalen (PDF) 1. maj 2013. Henta 24. februar 2013. 
  5. «Canberra Nature Park: Mt Ainslie Nature Reserve» (PDF). ACT Government Territory and Municipal Services. 2004. Arkivert frå originalen (PDF) 1. maj 2013. Henta 24. februar 2013. 
  6. «Canberra Nature Park: Mt Mugga Mugga Nature Reserve» (PDF). ACT Government Territory and Municipal Services. 2004. Arkivert frå originalen (PDF) 1. maj 2013. Henta 24. februar 2013. 
  7. «Canberra Nature Park: Black Mountain Nature Reserve» (PDF). ACT Government Territory and Municipal Services. 2004. Arkivert frå originalen (PDF) 1. mai 2013. Henta 24. februar 2013. 
  8. Penguin Books Australia 2000, s. 28.
  9. McLeod, Ron (2003). Inquiry into the Operational Response to the January 2003 Bushfires in the ACT (PDF). Canberra, ACT. ISBN 0-642-60216-6. Arkivert (PDF) frå originalen den 14. maj 2013. 
  10. 10,0 10,1 «Climate of Canberra Area». Bureau of Meteorology. Henta 13. mai 2010. 
  11. 11,0 11,1 «Climate statistics for Australian locations: Canberra Airport Comparison». Bureau of Meteorology. Henta 3. september 2011. 

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Canberra
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.